Viktig melding

Lukk meldinga

Kjøp tomt i Stokkalandsmarka

Bilde/kart som viser dei seks tomtene på rundt 750 kvadratmeter. Grafikk - Klikk for stort bileteDesse seks tomtene er cirka 750 kvadratmeter. Resten av tomtene i Stokkalandsmarka er rundt 500 kvadratmeter.

Kunne du tenkt deg større tomt i Stokkalandsmarka?

 

I fleire år har Hå kommune selt tomter på rundt 500 kvadratmeter i Stokkalandsmarka. Ein del har etterlyst større tomter, og formannskapet har derfor gitt administrasjonen i oppgåve å regulera om slik at totalt ti tomter blir på om lag 750 kvadratmeter. Prisen på desse er 1,25 millionar kroner, mot 1 million kroner for dei andre tomtene i feltet.

Dei seks første tomtene er nå ferdigregulerte og klare til sal; Stokkalandsbråtet 6 (selt), Stokkalandsbråtet 10 (selt), Stokkalandsræget 5, Stokkalandsræget 7, Stokkalandskroken 28 og Stokkalandskroken 30 (selt).

 

Stokkalandsmarka ligg nydeleg til mellom Brusand og Vigrestad. Området har flott utsikt mot Jærhavet og lett tilgang til friluftsområde som Haugstadskogen og dei vakre Jærstrendene.

Pris

Tomtene kostar 1-1,25 millionar kroner. (Pris eks. 2,5% dokumentavgift, matrikkelbrev og tinglysing)

Nærområde
  • Stokkalandsmarka har eit spanande nærområde for både små og store.
  • Haugstadskogen er reine eventyret for barna. Her er både lysløype, fine skogsstiar og gapahuk med bord og benkar.
  • I utmarka ligg fiskevatna som perler på ei snor og for dei som likar surfing, kiting og bading ventar Jærstrendene berre tre kilometer nedanfor Stokkalandsmarka. Naturområda er i seg sjølv som ein gedigen leikeplass, og i tillegg finst kjekke leikeplassar i byggefeltet.
  • På toppen av Stokkalandsmarka, like ved ballbingen, har vellaget fått på plass ei grillhytte med panoramautsikt.
Dokumentasjon

Selde bustadtomter vert normalt opparbeidde med asfalt eller brustein i gardsrom/innkøyrsel med utgangspunkt i høgde på veg/gate. Byggefelt (som Stokkalandsmarka) vert først opparbeidd med eit lag asfalt. Etter nokre år vert lag nummer to med asfalt lagt på, og etter kvart kan det òg koma ytterlegare reasfaltering. Dette gjer at høgde på veg/gate etter nokre år kan verta 4-8 cm høgare enn dagens. Bustadbyggarar bør ta høgde for dette, og tilpassa høgde på innkøyrsel for å redusera eventuelle problem med høg kant, høgdeforskjell og overvatn inn på eigedommen.

Nyttig å vita

Historie og framtid
  • Stokkalandsmarka blei etablert i 1989.
  • Byggefeltet ligg i eit utmarksområde, og er derfor med på å verna den jærske matjorda.
  • Stokkalandsmarka er eit hovudsatsingsområde for bustadbygging i åra framover.
  • Det er sett av areal for ein ny tettstad mellom Vigrestad og Brusand som kan få opp mot 8000 innbyggarar i feltet. 

Reserver tomt

Meld di interesse for ei tomt! Me reserverer tomta for deg i 48 timar eller til neste virkedag.

Kontakt

Servicetorget Hå kommune
Telefon: 51793000