Viktig informasjon om koronavirus

Trollhaugen

Dei vaksne:
Siril Schei - pedagogisk leiar/barnehagelærar  
Irene G. Gjelvik - barnehagelærar/kunstnar 
Nina Gulliksen - barn- og ungdomsarbeidar
Bean A. Muhammad - assistent
Kine Reime - barn- og ungdomsarbeidar/fagarbeidar
Ida Emilie Westen - fagarbeidar/sosionom
 

Barnehageåret 2019/2020

Me er ein småbarns-avdeling som består av totalt ni barn i alderen 0-3 år. Me er så heldige at me har eit eige hus i barnehagen som me kan forma slik me vil. Huset blir tilpassa ut i frå barnegruppa, både kva dei treng og kva interesser dei har. I tillegg til dette, har me ekstra fokus på språk og kommunikasjon. Me bruker «tegn til tale», tematavler og bilde. Dette er med på å gje barna fleire måtar å fortelje ting dei har opplevd på, kva dei vil gjera og kva dei treng.
Trollhaugen er ein avdeling som er oppteken av gode relasjonar og tryggleik. Saman med barna vert det mykje tid til leik, undring og utforsking. Me finn nye interesser, blir betre kjent med barnehagen, dagsplanen og ikkje minst kvarandre. Me vil at alle barna på Trollhaugen skal gleda seg til kvar dag dei skal i barnehagen, få gode venner og føla seg trygge.

Hovudtema i år er Tambar. Han er eit troll som er 5 år. Igjennom fleire bøker skal me bli betre kjent med han, og oppleve nye ting i forteljingane hans. Dette er med på å lage eit felles utgangspunkt for barna, som me ynskjer skal stimulera til leik.