Me ønsker å avgrensa smittespreiing av koronaviruset, og følger retningslinjene til helsemyndigheitene om å minimera nærkontakt med andre personar. Feierane frå Hå kommune vil derfor berre feia frå tak, utan å gå inn i heimane. Dette inneber mellom anna at me ikkje vil gå inn til folk for å tømma sot etter feiing.
Me ber alle om å hjelpa til med å avgrensa smittespreiing. Om du har mottatt eit varsel om feiing frå oss set me pris på at følgande kan vera klart før feiaren kjem:
- Omnar, peisspjeld og luker i samband med eldstader må vera lukka.
- Ein fast takstige med sikker festing må vera montert dersom feiaren skal feia frå taket.
- Ein stige som kjem minst ein meter over takrenna skal ligga framme lett tilgjengeleg. Av omsyn til leikande born må stigen ligga, så feiaren kan setta han opp sjølv.
- Feieluka må vera lett tilgjengeleg. Finn fram eldfast spann så du kan fjerne sot etter feiing.
- Ein bør dekka til teppe og liknande frå kjellardøra til feieluka, for å hindra at dei vert smussa til.
- NB! Feiing vert ikkje utført dersom ikkje stigemateriell er i forskriftsmessig stand.
Hugs å halda minst to meters avstand, og unngå gjerne kontakt med våre feiarar. Varsla oss på førehand om nokon i din husstand er i isolasjon på grunn av koronaviruset.
Atterhald om finvêr
Dersom vêret ikkje tillèt feiing, vil det verta utført førstkomande godvêrsdag.