Brannvesenet og beredskapsavdelinga

Beredskapsavdelinga utfører brann- og redningsteneste, men også ein del førebyggande oppgåver.

36 deltidstilsette utrykkingsmannskap er fordelt på Nærbø og Vigrestad brannstasjon. Utrykkingsstyrken blir kalla ut ved brann og ulykker.

Beredskapsavdelinga er godt utstyrte, med bilar og tradisjonelt slokkeutstyr. Den har også utstyr for røykdykkarteneste, frigjeringsutstyr, diverse redningsutstyr samt noko beredskapsutstyr for oljeutslepp og akutt forureining.

Kontakt

Per Ivar Aniksdal
Per Ivar Aniksdal
Brannsjef
Mobil: 415 32 677