Trine

Byggesaksbehandler

Nøkkelinformasjon

Ofte stilte spørsmål

Ønskjer du å bygga?

Her finn du informasjon om byggjesakshandsaming
Kva inneber dei nye byggesaksreglane?

Etter at dei nye byggesaksreglane vart forenkla 1. juli 2015, kan du i utgangspunktet setja i gong nokre byggeprosjekt utan å måtte søka til kommunen fyrst. Men det er ikkje fritt fram. Forenklinga av reglane gir deg mer fridom til å bygga, men du får og meir ansvar. Du må sjølv sørga for at det du ønskjer å bygga er i tråd med lovverket.

Ver merksam på at det framleis er gjeldande reguleringsplanar og kommuneplan som legg føringar for kor du kan bygga og korleis du kan bygga. Det same gjeld reglar for utnytting av tomt. 

Du er ikkje pliktig å senda nabovarsel for tiltak som er unnateke søknadsplikt. Men me oppmodar deg til å varsla naboane uansett før du set i gang med å bygga.  Hugs at det er du som er ansvarleg for at alle lovar og reglar blir følgt når du bygger. Tvist mellom naboar er ikkje ei sak for kommunen.

Kommunen skal etter du har bygd ferdig ha melding om plassering av ikkje- søknadspliktige byggetiltak.

Må eg søka om byggeløyve?

Direktoratet for byggkvalitet (DIBK) har samla relevante reglar, rettleiingar og byggesaksblankettar på ein nettstad. Dette er ein smart stad å søka informasjon. Her finn du lenke til ein rettleiar som hjelper deg til å finna ut om du i slepp å søka om å få bygge, eller om du må senda ein byggesøknad til kommunen:  Bygg utan å søka

Kva må eg ha med i ein byggesøknad?

I ein søknad om tiltak utan ansvarsrett må du ha med:

  1. Søknadsskjema.
  2. Situasjonskart.
  3. Teikningar av bygget i plan, snitt og fasade.
  4. Opplysningar gitt i nabovarsel.
  5. Kvittering av nabovarsel.
  6.  Grunngjeving dersom du søker om dispensasjon. 

Treng du naboliste, bestiller du det på servicetorg@ha.kommune.no

 

Avdelingar

  • Byggesak
  • Plan-og-bygg
  • Teknisk

Kontakt

Trine Selvikvåg
Rådgiver
Fann du det du leita etter?