Hå kommune eig og driv skulefritidsordning. Tilbodet blir gitt til elevar i 1.-4. klasse. For elevar med funksjonshemming kan ein søkje om plass i SFO ut 7. klasse. Kommunen krev utgiftene til ordninga dekte gjennom eigenbetaling frå foreldra.
2. Opptaksmyndigheit
Rektor ved skulen har opptaksmyndigheit.
3. Opptakskriterium
Alle som søkjer om plass i SFO innan 1. mai, er sikra plass. Søkjarar etter fristen, får tilbod om plass, dersom det ikkje utløyser fleire ressursar.
4. Opptaksperiode og oppseiing av plassen i SFO
Det vert gitt tilbod om SFO i 11 månader (juli stengt). Det kan veljast eit tilbod som består av formiddagar, ettermiddagar og halve dagar på til saman 12, 14, 18 eller 21timar. Innvilga søknad om plass i SFO, gjeld ut 4. klasse, eller til dei føresette skriftleg seier opp plassen.
Oppseiing av plassen i SFO eller endring i val av tilbod, må skje seinast to månadar før endring/ sluttdato gjeldande frå den 1. i månaden.
Ved oppseiing av plassen etter 1. april må det betalast for plassen ut skuleåret.
5. Foreldrebetaling
Betalinga for tilbodet om SFO og kost blir fordelt på 11 månader. Tilbodet inkluderer ferie og fridagar, samt heile juni og august. Rett til SFO i feriar, gjeld dei dagane dei til vanleg har eit tilbod om SFO. Ved overgang frå barnehage til SFO i midten august, betalar ein for ein halv månad i august. Det er lik timebetalingssats for alle barn i SFO. Betalingssatsane blir fastsett i eiga sak ved budsjetthandsaminga kvar haust.
6. Leike- og opphaldsareal
SFO skal ha ute- og inneareal som er eigna til dette og blir gitt i sambruk med skulane og eventuelt barnehagane. JV\Dokument1 2
7. Dagleg opphaldstid og årleg opningstid
Dagleg opningstid er til vanleg frå 07:00 til 16:00. Administrasjonen ved kvar skule kan vedta lokale tilpassingar av opningstida. Tilbodet på fleire skular kan samordnast til ein skule. Det blir ikkje gjeve tilbod om SFO i juli. Det er lagt opp til to planleggingsdagar i SFO i løpet av skuleåret.
8. Forsikring
Det er teikna kollektiv ulukkesforsikring for eleven den tida dei er i SFO.
9. Bemanning og leiing
Norma for bemanning i SFO er 1 vaksen pr.12 born i første klasse og 1 vaksen pr.15 born i 2.- 4. klasse. Bemanninga blir justert etter tilhøve som alder, gruppesamansetting, funksjonsnivå og born med særskilde behov. Rektor ved skulen er leiar for SFO. Det skal vera minst ein fagarbeidar knytt til SFO tilbodet.
10. Klage
Vedtak som er gjort etter desse vedtektene kan ein klage på. Klagen skal sendast til skulen. Dersom klagar ikkje får medhald, kan klagen sendast til kommunen sitt klageorgan for endeleg avgjersle.