SFO på Bø skule har som mål å tilby barna eit miljø prega av læring, fri leik og ansvar. Etter ein lang dag på skulebenken, er me opptekne av at ungane skal ha tid, plass, utstyr og materiale til fri leik og ulike aktiviteter. Me har fokus på å stimulere kvart enkelt barn til positiv åtferd og møte den enkelte på sitt nivå.
Dagsrytme
I feriane er dagsrytmen annleis: Klikk her for å sjå dagsplan for ferie-SFO.
Måndag/onsdag/fredag:
14.00 - Oppmøte og registrering
14.10 - 14.30 - Brødmåltid
14.30 - 16.00 - Aktivitetar som uteleik, forming og inneleik. Fredagar er det gymsal.
Tysdag/torsdag:
11.45-11.00 - Oppmøte og registrering
11.00-11.20 - Måltid
11.20-12.00 - Uteleik
12.00-13.30 - Felles aktivitet, tur eller inneaktivitet
13.30-14.00 - Samling
14.00-14.20 - Måltid
14.20-16.00 - Valfrie aktivitetar som uteleik, forming, og inneleik
Opphaldstider
Morgon:
- Måndag til fredag - 1 time - 07.00-08.00
Ettermiddag:
- Måndag, onsdag og fredag - 2 timar - 14.00-16.00
- Tysdag - 5 timar - 11.00-16.00
- Torsdag:
- 1.-2. trinn - 5 timar - 11.00-16.00
- 3.-4. trinn - 2 timar - 14.00-16.00
Rutinar på Bø SFO
- Opningstider: 7.00-16.00. Ein kan levera og henta når ein vil innanfor eleven sitt SFO- tilbod.
- Lokale: 1. trinn har SFO-areal i basen til 1. trinn. 2.-4. trinn har SFO-areal i basen til 2. trinn
- Morgontilbodet er frå kl. 07.00 - 08.00. Dei som ynskjer å eta frukost i SFO bør ha kome til kl. 07.30. Frukosten må bringast med i matboks. Elevane vert levert av foreldra på SFO, og vert ikkje etterlyst om dei ikkje møter om morgonen.
- Ettermiddagstilbodet er frå kl. 14.00 - 16.00 eller 10.45 - 16.00 på tysdagar. (Og torsdagar for 1.-2. trinn). Elevane vert innregistrert og i første omgang etterlyst hos kontaktlærar om dei ikkje kjem.
- Eleven kan gå heim sjølv etter avtalar som er gjeldande for delar eller heile skuleåret. Dette må leggast inn på Visma flyt. Personalet har kapasitet til å senda heim elevar på gitte klokkeslett: 14.30, 15.00, 15.30 og 15.45. På tysdagen og torsdagen kan personalet og senda elevane heim klokka 14.15.
- Fråvær på SFO skal i utgangspunktet alltid meldast på Visma flyt. Då vil både kontaktlærar og SFO- personell få informasjon om fråværet. Beskjeder til SFO må også leggast inn i Visma flyt.
- SFO har tilbod også i feriar. Eiga påmelding vert sendt ut via Visma flyt.
- Måltid på SFO er kvar dag klokka 14.00. Det vert servert brødskiver. tysdag og torsdag et me og klokka 11.00 .
- Oppseiingstida for SFO-tilbod i Hå kommune er to månadar, gjeldande frå den 1. i månaden. Sjå vedtekter.
For meir informasjon, sjå informasjon om SFO i Hå kommune.