Forventningsdokument - Bø skule Dokumentet er laga etter innspel frå foreldrekontaktane, personalet og elevrådet ved Bø skule, hausten 2014. Foreldre/føresette har hovudansvaret for eigne barn, og dei har stor innverknad på motivasjonen og læringsutbyttet deira. Samarbeidet mellom skule og heim er sentralt både for å skape gode læringsvilkår for kvar elev og for eit godt læringsmiljø. God kommunikasjon om den faglege og sosiale utviklinga til elevane må vere sentralt i samarbeidet. Samarbeidet mellom skule og heim er eit gjensidig ansvar, men skulen skal ta initiativ og leggje til rette for samarbeidet. Publisert12.09.2016 11.05