Viktig informasjon om koronavirus

Kantine

Smitteverntiltak: Kantina er mellombels stengd.

Me tilbyr abonnement på skulemåltid 4 dagar i veka for 3. – 7. trinn og 3 dagar i veka for 1. – 2. trinn.

Det er fokus på eit sunt og næringsrikt måltid. Kvar dag vert det servert brød og knekkebrød med eit variert utval av pålegg. Det varierer mellom kokt skinke, servelat, ost, vanleg leverpostei, kyllingpostei, makrell i tomat, egg, fiskepudding, salami, fårepølse, kylling- og kalkunpålegg, kaviar, smøreost, majones. Det er alltid grønsaker som agurk, tomat og paprika. Brunost og syltetøy er det på fredagar.

Kvar onsdag er det varm mat. Til nå har me hatt pølselapskaus, fiskekaker med potetmos og salat, fiskeburger i brød med salat, tomatsuppe med fullkornmakaroni og egg, havregraut, risgraut, salatbar, pastasalat og taco. 

Ein kan drikke vatn til måltidet, eller bestille mjølk. Elevar som har frukt, vil få dette utdelt i det siste friminuttet. Alle ungane et i kantina, enten dei har
kantineabonnement eller eigen matboks.