Sommarles.no varer ut heile august!

Klikk for stort bilete Sjå YouTube-kanalen vår for videoboktips eller sjekk bokforslag for bestemte aldersgrupper: førskule, 1.-2.trinn, 3.-4.trinn, 5.-7.trinn eller ungdom (kan vera aktuelt for modne lesarar på mellomtrinn)

Kva er Sommarles.no?

  • Ein nasjonal, digital lesekampanje i regi av folkebiblioteka i heile landet,  som varer frå 1. juni til 31. august.
  • Alle elevar i 1. til 7. klasse kan delta, også dei som skal begynne i 1. klasse til hausten og dei som går ut av 7. klasse ved kampanjestart.
  • Sommarles.no er i utgangspunktet ein digital kampanje, men det er også mogleg å få lesekort på biblioteket og delta analogt. På nettsida kan barna samle poeng for kvar side dei les, sjå kva venner les og skaffe seg digitale trofé som dei kan samle på. Dei kan også følge ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve, og svare på oppgåver i tilknyting til forteljinga.
  • Barna blir premierte for innsatsen sin med digitale trofé på profilen sin, og med fysiske premiar som dei kan hente på biblioteket.
  • Sommarles er for alle, både superlesarar, middels gode lesarar og dei som treng hjelp eller er i ferd med å lære seg å lese. Dei må ikkje lese sjølve, men kan velje å høyre på lydbøker eller lesast høgt for.