Publisert 28.06.2021

Biblioteket i Hå har reduserte opningstider i sommar:

Nærbø:

Sommaropningstidene gjeld frå og med laurdag 26. juni fram til og med fredag 20. august:

Måndag 11-18

Tysdag 10-15

Onsdag 10-15

Torsdag 10-15

Fredag 10-15

Laurdag stengt

Varhaug:

Sommaropningstidene gjeld onsdag 23. juni - onsdag 30. juni og 2.-13. august:

Tysdag 9 -12

Torsdag 14-18

Stengt heile juli månad

Ogna:

Sommaropningstidene gjeld 28.-30.juni og 2.-20.august:

Tysdag 9 - 12

Onsdag 14-18

Stengt heile juli månad

Publisert 28.06.2021

 I juli månad er biblioteka på Varhaug og Ogna stengde, men du kan henta sommarlespremiar, levera og låna eit utval bøker på "Barn i juli", i tillegg til biblioteket på Nærbø.

Publisert 24.05.2021

 Sjå YouTube-kanalen vår for videoboktips eller sjekk bokforslag for bestemte aldersgrupper: førskule, 1.-2.trinn, 3.-4.trinn, 5.-7.trinn eller ungdom (kan vera aktuelt for modne lesarar på mellomtrinn)

Publisert 20.05.2021

Laurdag 18. september kl.12.00. Biblioteket på Nærbø.

Jærmusèet kjem til biblioteket på Nærbø og viser oss korleis me kan laga lommebok av mjølkekartong. Dette blir ein gild aktivitet der mjølkekartongen blir gjenbrukt. Om du ønskjer, kan du kle lommeboka med stoff, klistremerker eller anna for å skapa eit personleg preg.

Ta med deg mjølkekartong og kom!

For alle. Påmelding/ gratis billettbestilling på TicketCo.

Pga. nasjonale retningslinjer kan berre innbyggjarar frå Hå kommune delta.

Publisert 20.05.2021

Tysdag 14. september kl. 18.00. Biblioteket på Nærbø.

Else Skranefjell fortel frå dei to første binda i bokserien Ingen vil ha oss. I bind I møter me Jakob Goldschmied, tysk soldat, som kjem heim til Berlin i 1918. Tyskarane har tapt 1. verdskrig. Livet i fredstid blir vanskeleg til trass for at den jødiske familien lever godt av gullsmedforretninga si. Jakob og familien hans gjennomlever mellomkrigstida med superinflasjon, massearbeidsløyse og Krystallnatta. Bakteppet er nazistane sin frammarsj og Hitler sine aukande restriksjonar mot jødane. Flukt fra naziregimet blir etter kvart den einaste utvegen for å overleve.

I bind II er det den syriske familien al-Alai, me møter. Dei lever fredeleg ved Genesaretsjøen i Palestina. Men alt blir annleis i 1948 når den sjølvstendige staten Israel blir oppretta. Far og son flyktar til heimlandet sitt, Syria, men reiser tilbake att til Israel når krigen er slutt. I 2010 startar unge Shadi al-Alai å studere ved universitetet i Damaskus. Vi følgjer han frå starten på borgarkrigen i 2011 til han blir tvungen til å flykte frå Syria i 2015. Vil Noreg gi dei asyl?

Støtta av Fritt Ord. Påmelding / gratis billettbestilling

Pga. nasjonale retningslinjer kan berre innbyggjarar frå Hå kommune delta.