To innleveringskassar står i gangen på Coop Extra på Vigrestad fram til biblioteket opnar.
Kassane vil bli tømde tysdag og torsdag føremiddag. Om du puttar noko i kassen torsdag ettermiddag, vil det ikkje nå bibliokteket før tysdag føremiddag, og det vil kunne bli sendt ut purrevarsel i mellomtida. I jule-, påske- og sommarferien vert ikkje kassane tømde.
Vi håpar at Vigrestad-buen framleis vil bruke biblioteka på Ogna, Varhaug og Nærbø like aktivt som tidligare, men at innleveringskassane vil vere til hjelp i ein travel kvardag.