Biblioteket på Nærbø har to møterom og to studieceller til utlån for lag, foreiningar og andre.
Ein må bestille tid på førehand for å nytte både møterom og studieceller. Bestilling av møteromma skjer via skranken (personleg oppmøte, telefonsamtale eller e-post). For å nytta møterom eller studiecelle før og/eller etter opningstid, må ein ha nøkkelkort. Nøkkelkort blir lånt ut i skranken.
Møterom 1, Nærbø, har plass til 12 personar og møterom 2 har plass til 8-10 personar. Når det gjeld møterom 1, er det lag og foreiningar som har førsteprioritet. Begge roma kan brukast før og etter opningstid med nøkkelkort.
I tillegg har biblioteket på Nærbø to studieceller. Studicelle 1 kan bestillast før og etter opningstid og krev då nøkkelkort. Studiecelle 2 kan nyttast i opningstida til biblioteket.
NB! Ønskjer du å bruka toaletta i møteromsavdelinga, må du hugsa nøkkelkortet for å koma inn igjen til møteromet/ studiecelle 2. Du kjem deg alltid ut ved å trykka på nøkkelbryter ved sida av ytterdøra.
Biblioteket på Ogna har eit lite møterom som det går an å låne i biblioteket si opningstid. Dette blir også brukt av skulen.
Punkta nedanfor gjeld ikkje i perioden med smitteverntiltak: