Fikselaug med Jæren Husflidslag

Klikk for stort bilete

Laurdag 17. oktober og 7. november kl.10.30-13.30 vil Jæren Husflidslag arrangera fikselaug i biblioteket på Nærbø.

Då kan du læra deg enkle teknikkar så du kan fiksa klede og andre tekstilar. Ta med eigne klede og få tips til korleis du enkelt kan få dei til å vara lenger. Du kan sitja saman med oss og fiksa og ordna, og du treng ikkje kunna noko om sying frå før.

Her kan du lesa meir om Fikselag i regi av Norges Husflidslag.