3D-printing

Biblioteket i Hå har fire 3D-printarar, èin på Ogna, èin på Varhaug og to på Nærbø. 3D-printarane vert nytta i ulike arrangement og work-shopar i biblioteka våre.

Dei to 3D-printarane på Nærbø kan brukast i biblioteket si opningstid av lånarar. Det er gratis.

Henvend deg i skranken for å booka tid på makerspace-rommet (verkstaden vår). Utstyr: Ultimaker 2+ og pc med Cura programmet. Treng du hjelp i bruk av utstyret, må rommet bookast måndag mellom 15-18 eller fredag mellom 10-15. Klarer du deg sjølv, kan du fritt velja tid.

For å skriva ut figurar i 3D nyttar me PLA filament. PLA er eit biolgisk materiale. Materialet består av fornybare ressursar (plantebasert stivelse), og krev relativt låg temperatur for å smelte ved printing. Materialet er biologisk nedbrytbart. Til dømes vil ein printa gjenstand som ligg i varm og fuktig jord eller kompost typisk vere nedbroten i løpet av 6-12 månader.

Fann du det du leita etter?