Verdas bokdag

Tilsett med bilen fullasta av bøker som skal delast ut til barnehagane. Tilsett som les og fortel til barn på biblioteket. To foto. - Klikk for stort bilete

 Verdas bokdag vert markert 23. april kvart år for å hylle bøker og forfattarar og oppmuntre alle til leseglede.

Kva er verdas bokdag?

Fleire forfattarar har 23. april som fødsels- eller dødsdag. Difor vart denne datoen vald til å løfte fram boka og litteraturen. Verdas bokdag vart oppretta av Unesco i 1995 etter mønster frå Barcelona der det er ein gammal tradisjon for å feire dagen med bøker og roser. Både Cervantes og Shakespeare døydde 23. april i 1616.

I Biblioteket i Hå plar me markera Verdas bokdag ved å gjera noko ekstra gildt for barnehagane i kommunen. Barnehagane får utdelt to eller tre poser med nye biletbøker til odel og eige for barnehagen sin. Mange gongar vert overleveringa kombinert med ei lesestund på biblioteket.

Lesespirå-bøker har blitt utdelt til barnehagane i Hå kommune kvart år frå 2008. 

Historikk

Det heile starta med at ABM (Arkiv, Bibliotek og Museum) -utvikling lyste ut eit prosjekt, Lesefrø, hausten 2007. Målet med prosjektet var språkstimulering i barnehagane gjennom leseaktiviteter. Vi fekk dessverre avslag på denne søknaden, men idèen var for god til å sleppa den heilt. Fleire hadde vore på kurs i mellomtida og kom tilbake med engasjement og entusiasme.Det  blei sett ned ei gruppe som utarbeidde eit nytt lokalt prosjekt inspirert av dette. Det nye prosjektet vart kalla "Lesespirå".

Dei fire overordna måla med dette prosjektet var:

  1. Være med å bidra til at leseferdigheter og leseforståelse blir bedre for deltakerne i prosjektet
  2. Etablere en kultur for lesing i barnehagen
  3. Legge til rette for aktiv språkstimulering og språkforståelse til alle barn (inklusiv de minoritetsspråklige)
  4. Bidra til at gutter inngår naturlig i flere språkstimulerende aktiviteter

Etter prosjektperioden har Hå kommune fortsett å støtta ordninga økonomisk, Hå folkebibliotek har stilt med tid og kompetanse. Skulebibliotekarkoordinator vurderer gjennom året kva for billedbøker som kan passa til barnehagane. Mot slutten av kalenderåret er boklista komplett og blir bestilt. Biblioteket får då bøkene i god tid før utdeling av bøkene i samband med Verdas bokdag 23. april.