Sommerles.no

Sommarles.no gjer det gildt å lese!

  • Sommarles er ein digital lesekampanje på nettsida Sommarles.no. Barna lagar seg ein profil, registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får XP (poeng) for kvar side dei les.
  • Sommarles.no er for barn som skal starta i 1. klasse eller går i 1. - 7. Klasse.
  • Sommarles  varer frå 1. juni til 31. august.
  • Barna får tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve.
  • Kodeord vert hengt opp utanfor biblioteket kvar måndag.
  • I tillegg til XP, kan barna også gjere seg fortente til digitale trofé og kule premiar.
  • Sommarles.no er utvikla av Vestfold og Telemark fylkesbibliotek og Snuti AS.
  • Sommarles.no blir i 2020 leia av Viken fylkesbibliotek.

Treng du boktips til sommarles?

På nettsidene våre finn du boktips for 1.-2.trinn, 3.-4.trinn og 5.-7.trinn.

Kva må eg gjere for å delta?

Dersom du var med i fjor og/ eller tidlegare år, kan du bruke same e-postadresse og passord som tidlegare. Viss du har gløymt passord og / eller e-postadressa du registrerte deg med, kan du laga deg ein ny brukar. Det er mogleg å registrere deg med 000 som lånenummer, ellers bruker du lånenummeret ditt.

For kvar bok som blir registrert, får deltakarane XP (poeng) og går etter kvart opp i level. Det er både kule digitale trofé på nettsida og premiar på biblioteket. Inne på Sommarles.no er det ei superspennande forteljing om Asbjørn og Astrid, skriven av Mari Moen Holsve. Det blir også oppgåver og høve til å få endå meir XP.

All lesing tel. Lesekampanjen er ikkje berre for dei som kan lese. På Sommarles.no kan barna registrere både bøker dei har lese sjølve og bøker dei har lese saman med nokon eller lytta til (høgtlesing eller lydbøker).

Vi håper at de vil hjelpe oss med å motivere barnet dykkar til å vere med på lesekampanjen. På Alt om Sommerles finn du meir informasjon.

Bli med på Sommerles med lydbøker!

Kjenner du nokon som strever med å lese? Da kan dei låne lydbøker hos NLB, heilt gratis! NLB er eit eige bibliotek for alle som har dysleksi eller andre lesevanskar. Vel blant tusenvis av fine, morsame, spennande og skumle bøker. NLB har alle dei populære og aktuelle bøkene på lyd. Lytt med appen Lydhør på mobil og nettbrett. Sjekk ut nlb.no for meir info.

Alle kan høyre sommerlesforteljinga på lyd. Den er laga av NLB og kjem med nytt kapittel på sommarles.no kvar veke.