Litterært pusterom

Litterært pusterom er eit arrangement med lesegruppe etter Shared Reading-metoden.

Første sjanse er torsdag 25. november kl.13-14.30 i biblioteket på Nærbø.

Kva er Shared Reading?

Metoden er enkel. Den går ut på å lese ein skjønnlitterær tekst høgt i ei gruppe, for så å ha ein samtale om teksten etterpå. Ein leseleiar (tilsett hjå oss) leiar gruppa. Først blir ei novelle lesen høgt, deretter eit dikt. Fokuset i samtalen etterpå er ikkje på litterær analyse, men på opplevinga ein har av teksten. Me undrar oss saman. Målet er ikkje å koma fram til ei felles tolkning, men å få fram ulike perspektiv og opplevingar av teksten. På den måten kan me utvida leseopplevinga for kvarandre. me les for å bli klokare på oss sjølv - og andre.