Sommerles.no

   

Sommarles.no gjer det gildt å lese!

  • Sommarles er ein digital lesekampanje på nettsida Sommarles.no. Barna lagar seg ein profil, registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får XP (poeng) for kvar side dei les.
  • Sommarles.no er for barn som skal starta i 1. klasse eller går i 1. - 7. Klasse.
  • Sommarles  varer frå 1. juni til 31. august.
  • Barna får tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve.
  • Kodeord vert hengt opp utanfor biblioteket kvar måndag.
  • I tillegg til XP, kan barna også gjere seg fortente til digitale trofé og kule premiar.
  • Sommarles.no er utvikla av Vestfold og Telemark fylkesbibliotek og Snuti AS.
  • Sommarles.no blir i 2020 leia av Viken fylkesbibliotek.

Treng du boktips til sommarles?

På nettsidene våre finn du boktips for 1.-2.trinn, 3.-4.trinn og 5.-7.trinn. På YouTube-kanalen vår finn du videoboktips.

Kva må eg gjere for å delta?

Dersom du var med i fjor og/ eller tidlegare år, kan du bruke same e-postadresse og passord som tidlegare. Viss du har gløymt passord og / eller e-postadressa du registrerte deg med, kan du laga deg ein ny brukar. Det er mogleg å registrere deg med 000 som lånenummer, ellers bruker du lånenummeret ditt.

For kvar bok som blir registrert, får deltakarane XP (poeng) og går etter kvart opp i level. Det er både kule digitale trofé på nettsida og premiar på biblioteket. Inne på Sommarles.no er det ei superspennande forteljing om Asbjørn og Astrid, skriven av Mari Moen Holsve. Det blir også oppgåver og høve til å få endå meir XP.

All lesing tel. Lesekampanjen er ikkje berre for dei som kan lese. På Sommarles.no kan barna registrere både bøker dei har lese sjølve og bøker dei har lese saman med nokon eller lytta til (høgtlesing eller lydbøker).

Vi håper at de vil hjelpe oss med å motivere barnet dykkar til å vere med på lesekampanjen. På Alt om Sommerles finn du meir informasjon.

Bli med på Sommerles med lydbøker!

 Kjenner du nokon som strever med å lese? Da kan dei låne lydbøker hos NLB, heilt gratis! NLB er eit eige bibliotek for alle som har dysleksi eller andre lesevanskar. Vel blant tusenvis av fine, morsame, spennande og skumle bøker. NLB har alle dei populære og aktuelle bøkene på lyd. Lytt med appen Lydhør eller Maneno på mobil og nettbrett. Barn med nedsatt syn kan også låne punktskriftbøker. Ellers deltar barna på Sommerles som alle andre; ved å registrere seg på sommerles.no og velge sitt lokale bibliotek. Det lokale biblioteket gir kodeord og deler ut premier. Sjå gjerne informasjonsvideo om NLB eller sjekk ut nlb.no for meir info!

Alle kan høyre sommerlesforteljinga på lyd. Den er laga av NLB og kjem med nytt kapittel på sommarles.no kvar veke. 

Informasjon om Sommerles på ukrainsk

Для всіх батьків та опікунів, що мають дітей з 1го по 7мі класи SOMMERLES.NO- тому що це весело і важливо читати влітку! Що таке Sommerles.no? ● Sommerles.no це бібліотецька читальна компанія для дітей від 1го по 7мі класи по всій Норвегії. ● Sommerles.no - безкоштовний та цікавий для учасників. ● Sommerles.no - починається 1го червня та закінчується 31 го серпня. ● Sommerles.no - розрахований на всіх читачів: для суперських читачів, для тих хто читає досить багато, для тих хто читає вміру та тих хто потребує допомогу в читанні. ● Діти читають книги, реєструють прочитані книги в Sommerles.no та отримують бали. ● Вони також можуть читати спеціально написані літні оповідання, що можуть читатися на потрибує! На сторінці Sommerles.no діти також можуть вирішувати різні цікаві завдання та дивитися що читають їхні друзі. ● Діти мають змогу отримати маленкі призи в бібліотеці, якщо достатньо прочитали! ● Діти мають змогу читати на різних мовах, а також отримати бали за те що слухають аудіокниги. Як моя дитина можє прийняти участь у цьому? ● Для цього вам потрібно відкрити свою сторінку/профіль в https://sommerles.no. Бібліотека можє допомогти в цьому. ● Дитина повинна зареєструвати себе з допомогою електронної пошти опікуна/батьків для того щоб прийняти участь.