Sjakk

I løpet av 2022 får me sjakkbord av Sjakk & Samfunn som skal stå utanfor biblioteket på Nærbø, Varhaug og Ogna. I biblioteket sine opningstider kan du låna sjakkbrikker i skranken. Du kan sjølvsagt også bruka eigne sjakkbrikker. Me gler oss til mykje sjakkaktivitet i og utanfor Biblioteket i Hå.

Sjakktirsdag i biblioteket på Varhaug

Per-Arvid Jakobsen frå Hå skulesjakk blir med og inspirerer oss i sjakk.  Gratis. Alle er hjarteleg velkomne.

Datoar:

Tysdag 5. april kl.13-14

Tysdag 26. april kl.13-14

Tysdag 3. mai kl.13-14

Tysdag 24. mai kl.13-14

Utesjakk ved biblioteket på Varhaug

Onsdag 27. april kl.17-18

Onsdag 18. mai kl.17-18

Sjakklørdag i biblioteket på Nærbø 30. april kl.11

Per-Arvid Jakobsen frå Hå skulesjakk har ein kort intro/ opplæring for barn og vaksne i Litlaståvå før det blir sjakkspeling rundt om i biblioteket og på det nye sjakkbordet utanfor biblioteket. Gratis.

Sjakk-arrangement i biblioteket på Ogna

Måndag 13. juni kl.14 -15

Måndag 20. juni kl. 17-18

Vi har fått nytt sjakk-bord utanfor biblioteket av Sjakk & Samfunn. For å markere dette kjem Per Arvid Jakobsen fra Hå skulesjakk for å inspirere oss i sjakk. Passer for alle barn og vaksne. Gratis.