Utlån

For å låna materiale, må ein ha lånekort. Alle som ønskjer det, får lånekort. 

Utlån skjer ved skranken eller ved utlånsautomatane (Nærbø). 

Bruker du skranken, legg bøkene med strekkoden opp. For å bruka utlånsautomatane må du ha med lånekort eller nytta strekkoden i Bibliofil-appen. Utlånsautomatane vert vaska av publikumsvakt i biblioteket mellom kvar lånar.

 

Reserverte bøker må hentast i skranken.

Utlånsreglar

 

Lånaren er ansvarleg for det materialet som er lånt på lånekortet.

Lånetida kan forlengast dersom ikkje materialet er bestilt av andre. 
Purring blir sendt dersom materialet ikkje blir levert i rett tid. Materiale som ikkje blir levert tilbake, vil det bli sendt rekning på. Det er då tilleggsgebyr for rekning og eventuell inkasso.  Dersom ikkje lånarar rettar seg etter utlånsreglane, eller på annan måte misbruker biblioteket sin tillit, kan dei mista retten til å låna.

Biblioteket vurderer erstatning for øydelagt eller forsvunne materiale.

Utlån blir registrert på data, og vert sletta når materialet er levert inn.  Biblioteket har eit lånarregister som stemmer med føresegner frå datatilsynet. For meir informasjon - sjå personvernerklæring (GPDR).

Dersom ikkje lånarar rettar seg etter utlånsreglane, eller på annan måte misbruker biblioteket sin tillit, kan dei mista retten til å låna for eit tidsrom som biblioteket bestemmer.