Lånetid, påminningar og gebyr

Lånetida er normalt 4 veker.

For DVD er lånetida 1 veke.

Biblioteket kan bestemma anna lånetid for spesielt etterspurt materiale.

Tre dagar før lånetida går ut, vil dei av lånarane som har registrert e-postadressa og/ eller mobiltelefon, få ei påminning per e-post/ sms om at lånt materiale må leverast inn.

Lånetida kan forlengast inntil tre gongar dersom materialet ikkje er bestilt av andre.

Gebyr for purring må betalast etter desse satsane:

1. gongs purring: kr 20,-

2. gongs purring: kr 30,-

3. gongs purring: kr 50,-

Materiale som ikkje blir levert tilbake, vil det bli sendt rekning på. Det er då tilleggsgebyr for rekning og eventuell inkasso.

Fann du det du leita etter?