Fornying av lån

Dersom ingen andre står i reservasjonskø på det materialet du har lånt, kan materialet fornyast inntil tre gongar.

Fornying av lån kan gjerast på fleire måter:

  1. Ved å bruka Bibliofil-appen
  2. Via "Mi side" på heimesida vår. Du treng lånenummeret ditt og ein firesifra pinkode. Har du ikkje pinkode eller har gløymt han, tek du kontakt med skranken..
  3. Ved å spørja i skranken når du er innom Hå folkebibliotek.
  4. Ved å senda e-post til biblioteket.
  5. Ved å ringa biblioteket.