Fjernlån

I Biblioteket i Hå er det over 170 000 bøker du kan låna.

Biblioteket prøver å få tak i materiale som biblioteket ikkje eig sjølv, men som lånarane har behov for frå andre bibliotek. Noko ventetid må påreknast. 

Biblioteket i Hå er med i Nasjonal Bibliotektransport (NBT) og får leveranser frå andre bibliotek i landet til hovudbiblioteket på Nærbø tre dagar i veka (måndag, onsdag og fredag). Den interne transporten mellom filialane våre i kommunen går vanlegvis tysdagar og torsdagar.

Dersom du er fjern- eller deltidsstudent og skal låne pensumlitteratur, er det lurt å planleggje leselista/ studiene slik at du berre låner nokre få av bøkene samtidig. Det er ingen garanti for at vi kan forlenge lånet hjå utlånsinstitusjonen. (Faktisk lånetid kan gjerne bli berre tre veker, litt avhengig av kor fort du hentar bestilt materiale).

Dersom du som student er knytt til ein høgskule eller universitet, er det gunstigare for deg å låne materiale direkte frå biblioteket der, sidan vi får materialet tilsendt frå univerisitesbiblioteka, og ein del av lånetida går bort i transport.

Fann du det du leita etter?