Familiemappa

"Kan eg skaffa meg ein oversikt over alle lån og reserveringer i familien?", er det fleire som lurer på.

Svaret er ja. Ved å nytta "Familiemappa" anten via "Min profil" i Mappa Mi på nettsida vår eller i Bibliofil-appen.

Om du til dømes ynskjer å ha oversikt over låna til barnet ditt, må du logga deg inn med barnet sitt lånenummer og pin-kode via "Min profil" i Mappa Mi eller i Bibliofilappen. Eit stykke ned på sida finn du "Gi andre tilgang til å se mine lån og reserveringer" og deretter "Gi tillatelse til ....." ( her fyller du inn lånenummer eller e-postadresse til den som skal få tilgang. I vårt døme vert dette din eigen e-postadresse eller ditt lånenummer.)

Fann du det du leita etter?