Digihjelpen

Kva er Digihjelpen?

Digihjelpen er eit gratis kurs- og rettleiingstilbod til alle innbyggarane i Hå kommune. Vil du auka den digitale kompetansen din?

 

 

Drop-in i biblioteket på Nærbø

Treng du hjelp til å finna informasjon på internett, lage og bruke e-post, logge deg inn med Bank-ID, eller sende digitale søknader? Synes du det er vanskeleg å kjøpa billettar på nett eller skriva ut? Spør ette hjelp i skranken. Ta gjerne med eigen PC, nettbrett eller mobiltelefon eller bruk ein av dei stasjonære PC-ane våre.