Bøker på andre språk

Biblioteket i Hå bestiller inn depot med bøker frå andre språk. Desse bøkene har me i tre eller seks månader om gongen. Saknar du ditt morsmål, kan du ta kontakt i skranken for bestilling.

Det er depot-bøker både for barn og vaksne. Nokre av språka som er/ har vore representerte er arabisk, bulgarsk, dari, fransk, kinesisk, kurdisk sorani, litauisk, pashto, persisk, polsk, russisk, somali, thai, tigrinja, tyrkisk, ungarsk, uromo.

I tillegg til depot-bøker på ulike språk, har vi ein del romanar på engelsk, både for barn og vaksne. For barn og ungdom er det også litt bøker på tysk og spansk. 

Fann du det du leita etter?