Boktips frå Tove

Klikk for stort bileteJulie Stokkendal: Dagene

Julie Stokkendal debuterte i 2019 på Kolon forlag med romanen Dagene. Eg fekk ikkje med meg boka då ho kom, men heldigvis hadde nokon sett henne på feil plass i biblioteket mitt. Då eg rydda i skjønnlitteraturhylla for vaksne for nokre veker sidan, fann eg henne. Då eg slo henne opp på nettstaden Bokelskere.no, fann eg ut at ho hadde eit gjennomsnittleg terningkast på 6 blant dei som hadde lese og vurdert boka der. Det, saman med ei framside eg likte, gjorde at romanen blei med meg heim. Det angrar eg ikkje på.

Julie Stokkendal skriv godt. Det fascinerer meg at ho får teksten til å spegle korleis hovudpersonen Tea har det. Trivst ho og har det godt, spring teksten av stad, slik tida gjer når ein har det fint. Står det motsett til, når Tea mistrivst og strevar, luggar teksten og går sakte framover.

Forlaget skriv: "Tea og moren flytter fra byen til bygda for å starte på nytt. Tea prøver å finne seg til rette i det nye huset, hun går mellom rommene og venter på noe, leter etter noe, men hun vet ikke hva. Hun vokser opp, får venner, møter Markus, mens moren fortsetter å lengte etter pappaen som forsvant før Tea ble født.

«Dagene» er en roman om å være datter, mor og kvinne. Om ensomhet, tosomhet og kjærlighet, om å få lov til å være barn og å få lov til å bli voksen. Om å si ja og nei. Og om håp."

Anbefaler at du finn fram te, teppe og godstol, og tek "Dagene" med inn i hausten din.

 

Klikk for stort bilete Kristin Harmel: Vingårdens hemmelighet

Å få beskjed om at det har kome ei ny bok på norsk av den amerikanske forfattaren Kristin Harmel, er for meg det same som å få beskjed om at ein dag, om ikkje lenge, blir ein "sitje i sofaen heile dagen og lese-dag".

Harmel er ein flink historieforteljar, og sjølv om litteraturen ho skriv ikkje er av typen som utfordrer deg som lesar mest, er bøkene som regel såpass spennande skrivne at dei er vanskelege å leggje frå seg. Som regel er også språket godt, sjølv om eg tykte årets roman, 'Vingårdens hemmelighet', var noko svakare enn dei eg har lese tidlegare.

 

Klikk for stort bileteMichael Ondaatje: Krigslys

"I 1945 reiste foreldrene våre bort og overlot omsorgen for oss til to menn som kan ha vært forbrytere." Nokre gonger kan første setninga av ein roman gjere deg sikker på at du har ei god bok i handa. Slik var det då eg las denne setninga, som er starten på Michael Ondaatjes roman Krigslys. Setninga lover godt språk og spennande handling. Og romanen innfrir! Dette er ikkje ein kriminalroman, men han er tidvis like spennande. Anbefaler deg å lese denne, som er ein annleis roman om, blant mykje anna, etterkrigstid, det vi seier og det vi tier om, og om historiene vi har om liva våre.

 

Klikk for stort bileteHeidi Linde: Hva hun klager over når hun klager over husarbeidet

Utan ei anbefaling frå ei god venninne er eg ikkje sikker på om eg ville ha kome så langt som å lese denne. No er eg glad for at eg gjorde det. "*Hva hun klager over når hun klager over husarbeidet* er en roman om moderne samliv. Om troskap og utroskap, moderselskap og seksualitet - og om kunsten å finne veien tilbake til seg selv" skriv forlaget. For eiga rekning legg eg til at boka er overraskande lettlesen. Kan anbefalast!

 

Klikk for stort bileteOlaug Nilssen: Yt etter evne, få etter behov

Olaug Nilssens nye roman er svært god, og svært viktig. Han gjev innsikt i menneskesinnet og samstundes samfunnskritikk. Han gjev innblikk i korleis kvardagen kan vere for enkelte pårørande, når systemet som skulle ha gjeve ei reell og varig avlasting ikkje virkar, og viser samstundes at det kan vere vanskeleg å ta inn over seg for dei som står rundt. Han er nominert til Brageprisen 2020 i klassen for skjønnlitteratur (prisutdelinga skjer 26. november), og eg vil på det sterkaste anbefale deg å lese han. Om du ikkje fekk med deg den førre romanen hennar, 'Tung tids tale', som kom i 2017 og vann Brageprisen same år, anbefaler eg deg å lese den òg.

Forlaget skriv om årets roman: "Med «Yt etter evne, få etter behov» har Olaug Nilssen skrive ein humoristisk og alvorleg roman, og ei forlenging av tematikken i «Tung tids tale» frå 2017: Kven tar ansvaret ingen eigentleg klarer, i vår individualistiske tid? Og finst det balanse i rekneskapen mellom plikt og fridom blant menneska, ikkje minst blant medlemmane i ein familie?"

 

Klikk for stort bileteAasne Linnestå: Johannas åpenbaringer

Hilde Vesaas skreiv i meldinga si i Dag og Tid om boka: «Eg blei glad i og av denne romanen. Det er ei sympatisk soge som minner oss om kor naudsynt det er å verne om det vare livet: dei minste fjellblomane, dei mishandla borna, den vesle kvalpen. Og om at vi må halde godt fast i dei tynnaste trådane mellom oss, dei ryk så altfor lett.»  Denne likte også eg godt.

 

Klikk for stort bilete Chloe Benjamin: De udødelige

Korleis ville du ha levd livet ditt om du (trudde at du) visste sikkert når du skulle dø? Ville du gjort andre val enn du ville gjort om du ikkje visste? Desse er spørsmåla "De udødelige" av Chloe Benjamin tek for seg.

Fire unge søsken, den yngste sju og den eldste tretten, finn i 1969 ut at ei kvinne som har ry på seg for å kunne spå dødsdatoen til folk har flytta inn i nabolaget. Daniel på elleve tykkjer det høyrest så spennande ut at han vil oppsøke kvinna. Han får søskena sine med seg, og i motsetnad til det Varya på tretten år trur, sidan ho får beskjed om at ho vil leve til ho vert 88, vert alle fire førespegla heilt ulike dødsdatoar, og heilt ulike lengder på livet.

I romanen har kvar av søskena fått ein lang bolk kvar, og kvar bolk er delt inn i ikkje altfor lange kapittel. Dette, saman med eit godt språk og ei spennande historie, dreg lesinga framover. Dette er ikkje ein roman du bruker lang tid på å lese, trass dei 379 sidene og litt (for?) lita skrift. Anbefaler deg sterkt å lese denne. 

 

Klikk for stort bilete Eduardo Halfon: Den polske bokseren

Denne hadde eg gleda av å lese tidlegare i sommar. Eduardo Halfons 'Den polske bokseren. En episodisk roman' kom ut 2019 på Solumbokvennen. Som undertittelen antydar handlar kvart kapittel om ein ny del av hovudpersonen Eduardo Halfon (!) sitt liv, og om dei menneska han møter. Kapitla er ikkje kronologisk sett opp, men det gjer ikkje at det vert vanskeleg å henge med. Særs godt språk gjer dette til kos for oss bibliofile.

Klikk for stort bileteEduardo Halfon: Sorg

Når ein skal fortelje noko frå eige liv til nokon utanfor familien eller den næraste vennekrinsen, hender det ofte at ein må leggje til forklarande tilleggshistorier undervegs, for å få lyttaren til å forstå samanhengen i hovudhistoria. Nett slik er Eduardo Halfons roman 'Sorg' bygd opp, som ei samling anekdotar som til saman utgjer ei forteljing. Forteljinga er ein del av livet til hovudpersonen, som til liks med novellesamlinga 'Den polske bokseren' som eg las og likte kjempegodt i fjor, heiter Eduardo Halfon. I 'Sorg' greier forfattaren nok ein gong å bruke materiale frå eige liv for på ein utmerka måte å vise lesaren ikkje bare verdshistorie, men òg kjensler og røynsler ein kan kjenne seg igjen i. Med sine 94 sider er nok dette den kortaste romanen eg har lese, men den vil truleg stå igjen som ein av dei beste frå leseåret 2020. Dette er ikkje ein roman ein sluker, snarare ein ein må ta seg god tid med. Eg las fleire avsnitt to gonger, for her er alt viktig å få med seg. Både 'Sorg' og 'Den polske bokseren' fortener ventelister på biblioteket og store salstal på bokhandelen, for desse vil du ikkje gå glipp av.

 

Klikk for stort bileteNiels Fredrik Dahl: Mor om natten

Dette er ein biografisk roman. Mor til eg-personen gjev han ei handskriven bok, ei dagbok ho kallar "Nattboken", som ho har skrive i ein periode i livet der ho hadde det svært vanskeleg. Først tretten år seinare, fire år etter at mora døyr, tek han fram boka og les i henne. Lesnaden framkallar minne, både frå hans eige og frå mora sitt liv, og desse minna er det lesaren får ta del i, frå mora sin barndom i Molde, og til ho døyr, i Oslo, på ein sjukeheim, og vidare heilt fram til boka, denne boka, blir skriven. Dette er ikkje nødvendigvis lysteleg lesnad; livet er ikkje alltid lysteleg. Her er mørkre, her er einsemd, her er lengt, her er depresjon. Likevel er boka ganske nøkternt skrive, og det ligg mykje kjærleik her, trass vanskane med å uttrykkje han. Eg som lesar blir berørt, og får mange tankar om eige liv og eigne relasjonar, men vert ikkje trist, og sit ikkje med tungsinn, korkje undervegs eller etterpå. Romanen er lettlesen, og med korte kapittel som driv lesaren framover, og eg anbefaler han sterkt.

 

Klikk for stort bileteCamilla Bøksle: Det er vakrest når det skumrer

Bokanbefaling: Lun, vakker og til dels humoristisk samtaleroman med stor grad av biografiske innslag. Camilla Bøksle får eit nærare forhold til farfaren sin i vaksen alder, og gjennom historiene han fortel får dei saman ei (eller rettare: fleire) reiser inn i fortida, både til familiehistorie og lokalhistorien i Kristiansand. Ein roman som får igang eigne reflesjonar over mange ulike tema. Rørande, nært og veldig, veldig fint. 

 

Klikk for stort bilete Lars Saabye Christensen: Sanne gleder

Ei lita, men nydeleg, bok. Om du ikkje har fått med deg denne, kan det anbefalast å ta ei stille stund og nyte gledene boka gjev, både gjennom tekst og illustrasjonar.