Boktips frå Marit

Klikk for stort bileteOlga Tokarczuk: Før plogen over de dødes knokler

Liker du bøker med gode personskildringer der du opplever å bli kjent med komplekse og interessante menneske og gjerne ein annan kultur i eit anna land? Då vil eg anbefala deg å lesa denne boka av den prisbelønte forfattaren Olga Tokarczuk. Handlinga går føre seg i ei avsidesliggjande bygd i Polen. Hovudpersonen er ei gammal dame som er hobbyastrolog og svært glad i dyr. Det skjer dødsfall i bygda og dama startar å etterforska dette. Boka er lettlesen og spanande, men samstundes original og tankevekkjande. Eg vil verkeleg anbefala boka!

 

Jenny Erpenbeck: HjemsøkelseKlikk for stort bilete 

Dette handlar ikkje om heimsøkt eller spøkelse, men å lengta heim eller etter ein heim. Det er rett og slett eit sommarhus som er hovudperson i denne boka. Huset ligg ved ein innsjø utanfor Berlin. Me følgjer huset si historie frå 1930-talet og fram til i dag. Me blir kjend med skiftande eigarar, deira skjebner og dermed også tysk historie.  Forfattaren klarer det kunststykket å få osstil å bli glad i eit hus. Dagsavisen skriv at forfattaren har nobelprisklasse og det er eg samd i. Boka er svært godt skriven og veldig lesverdig.

 

Klikk for stort bileteShubhangi Swarup: Lengselens breddegrader

Viss du liker bøker som tek deg med på eksotiske opplevingar slik at du blir kjent med nye kulturar, nye land og miljø, vil eg anbefala "Lengselens breddegrader" av den prisbelønte, indiske forfattaren Shubhangi Swarup. Handlinga strekker seg over fleire generasjonar og foregår mange ulike stader - på ei tropisk øy, i Nepal, Pakistan og India. Boka handlar blant anna om ein treforskar, dottera hans og ein ung mann som blir fengsla. Boka er innhaldsrik på mange måtar. Den har eit frodig språk og spenner mellom glede og sorg, det vakre og det grusame, det overnaturlege og det naturlege. Boka gir deg ei fargerik og eneståande leseoppleving.

 

Jeffery Archer: Den som intet vågerKlikk for stort bilete 

Kva får du om du blandar engelsk overklasse, Scotland Yard, kunsttjuveri og forelsking? Jau, då får du ei spanande og lettlesen krimhistorie. Den bestselgjande engelske forfattaren Jeffery Archer, kjend for "Clifton-Krøniken", har starta på ein ny bokserie der me skal følgja Scotland Yard-etterforskaren William Warmick. Den engelske avisa Daily Express meiner boka fortener å bli TV-serie. Det er eg samd i. Forfattaren har skapt ein levande, interessant
hovudperson og eit spanande plot. Det er rett og slett god underhaldning!

 

Klikk for stort bilete Erik Fosnes Hansen: Langs landeveien mellom Cottbus og Berlin 

Liker du eventyr? Er du klar for noko nytt, spennande - noko du aldri har høyrt om før? Her møter du gullmakarar, snakkande dyr, prinsesser og kongeleg maktkamp. Boka er både krim. komedie og eventyr i ei fantastisk blanding.

 

Klikk for stort bilete Amanda Svensson: Et system så storslått at man  blendes

Dette er ei av dei beste bøkene eg har lese dei siste åra. Et system så storslått at man blendes av Amanda Svensson har eit frisk og nyskapande språk. Historien følgjer trillingane Sebastian, Clara og Mathilda og deira i liv i London, Påskeøyene og Berlin. Sebastian arbeider i eit mystisk og røyndomsfullt institutt for hjerneforskning. Han får blant anna ansvar for ein svært spesiell apekatt. Boka har eit overraskande og spennande plot og persongalleri der alt blir vevd saman på snedig vis.

 

Klikk for stort bilete

Kjærlighet i nødsfall av Daniela Krien

Det er ikkje alltid så lett med den kjærligheten . . . I "Kjærlighet i nødsfall" gjer Daniela Krien ei truverdig skildring av fem kvinner sitt kjærleiksliv. Det er slett ikkje alltid det er slik på innsida som det framstår på utsida.