Boktips frå Jan Helge

Livet – illustrert av Lisa Aisato
Ei uvanleg varm og vakker bok som skildrar livsfasar og sinnsstemningar med store, fargerike illustrasjonar og korte tekstar,

Jordmor på jorda. Huset under Blåhammaren av Edvard Hoem
Gripande og særs velskriven roman om Marta Kristine Nesje, forfattarens tippoldemor, som i 1821 gjekk frå Romsdal til Christiania for å utdanna seg til jordmor. Heime venta mann og tre mindreårige barn på henne.

Det hvite badehuset og Det siste fotografiet av Thorvald Steen
Særs lesverdige sjølvbiografiske romanar med utgangspunkt i den arvelege sjukdommen som etter kvart gjorde forfattaren avhengig av rullestol. Sentrale stikkord er skam og hemmeleghald.

Harpesang av Levi Henriksen
Forfattaren skildrar med varme og humor «De Syngende Søsknene Thorsen» som i ungdommen oppnådde stor suksess i kristne forsamlingar, turnerte i USA og selde ei mengd plater. Greier plateprodusent Jim Gystad å vekkja songgleda til live att hos dei, no når dei er høgt oppe i åra?

Terapeuten av Helene Flood
Denne psykologiske thrillaren om ein ektemann som forsvann, har velfortent fått strålande mottaking både her heime og i fleire andre land.

Dei sju dørene av Agnes Ravatn
Då politiet lukkar saka, tek Nina Wisløff, vonbroten førsteamanuensis i litteratur ved Universitetet i Bergen, på eige initiativ på seg oppgåva å finna ut kva som hende med Mari Nilsen, leigebuaren deira, som brått forsvann. Boka er drivande godt skrive, der handlinga midt i det tragiske inneheld episodar skildra med humor og skråblikk når det gjeld akademia og kjønnsroller.