Boktips frå Britt Astrid

Klikk for stort bileteVintertonar av Anders Totland

"Kan ein reparere ein knust familie? Eg ville fortelje mor si historie, vår historie...."
Ein sår forteljing om familierelasjoner og om korleis ein kan gje kvarandre nye muligheter.
Boka har eit nydeleg nynorsk språk.  Absolutt den beste boka eg har lese i 2020, gler meg til fleire bøker frå Anders Totland

 


Svartstilla av Susanne Skogstad Klikk for stort bilete 

Den unge forfattaren har skrive om ei eldre kvinne som nett har mista mannen sin. Ho er overvelda av sorg. Lesaren får den eldre kvinna sitt perspektiv på kjærleik, einsemd og ynskje om å høyre til. Ein får ei sterk skildring av stilla ein opplever når ein brått mister nokon ein er sterkt knytt til.
Boka har eit vakkert, nynorsk språk. Dette er ei bok eg ber med meg og ikkje så raskt gløymer.