Boktips frå Anette

Klikk for stort bileteDøgnåpent av Sayaka Murata

Skulle du av og til ønskje at du blei født med "livsinstruksar"? Keiko er 38 år og har arbeidd i døgnkiosk i Tokyo i 18 år. Ho er pliktoppfyllande og følgjer arbeidsinstruksane til punkt og prikke. På privaten slit ho med å forstå sosiale koder. Andre meiner ho burde hatt mann og barn no eller ein karriere. Ei tragikomisk bok der du ser på normene i samfunnet gjennom augene til den spesielle Keiko.

 

Klikk for stort bileteSvarthuset av Peter May

Er bakgrunnsrammen i ei bok viktig for deg? I «Svarhuset» får du ei facinerande miljøskildring av Isle of Lewis .Det er sytten år sidan Fin Macleod sist var der. No skal han hjelpa til i ei grusam mordsak. Men mord–etterforskninga får også fram minner frå den triste barndommen hans på øya.

Litteraturkritiker i Dagbladet, Cathrine Krøger, seier det godt: "Inni kriminalfortellingen er det en realistisk, brutal og rørende oppvekstskildring, en roman i romanen. Begge fortellingene rommer det beste fra sine sjangre." Tonen er kvardagsleg og sår, men innimellom også morosam. «Svarthuset» er første bok i ein triologi med etterforskar Fin Macleod. Boka vart først gitt ut i Frankrike og har vunne ein rekke priser, bl.a. Barry Award for beste krim i USA i 2013.

Klikk for stort bilete

Den tause pasienten av Alex Michaelides

Kven kan få Alicia til å snakka igjen? Alicia er innsett på eit psykiatrisk sjukehus etter drapet på mannen sin. I fem år har ho vore taus om det som skjedde. Psykiateren Theo trur han kan få ho i snakk. samtidig som me følgjer Theo sitt arbeid med å få Alicia til å opna seg, får me brotstykke frå dagboka til Alicia. Detter er ein psykologisk thriller med uhyre interessante karakterer og uventa vendingar som vil halda deg på pinebenken til siste side er lesen.

 

Klikk for stort bileteDe som er elsket av Victoria Hislop

Dette er ein historisk roman og familesaga. Forteljinga startar når hovudpersonen Themis feirer fødselsdag og har samla fire generasjonar i leiligheten sin i Athen. Ho har både barn, barnebarn og oldebarn på besøk. To av barnebarna er igjen litt lenger etter selskapet og Themis fortel dei sin eigen livshistorie. Dette er arven ho kan gje dei. Ho var 14 år då tyskarane okkuperte Hellas under andre verdskrig. Også før 2. verdskrig var det store sprik i politisk overbevisning blant grekarane og innad i familiar, også i Themis`s familie. Før og under okkupasjonen er matmangelen stor og innbyggjarane lir. Me følgjer familien i skiftande regime, verdskrig og borgarkrig, i kjærlighet, splitting og forsoning.  Under borgerkrigen sluttar Themis seg til den kommunistiske hæren. Ho blir teken til fange og sendt frå fengsel til fengsel.  I fangenskap på øya Makronisos føder ho ein son. Ho får hjelp av kvinna Aliki, som har blitt fråteken sin eigen son etter fødselen. Themis lover å finne gutten Aliki mista.

 

Klikk for stort bilete Jernulven av Siri Pettersen

For deg som liker fantasy og spesielt tidlegare bøker av Siri Pettersen (Odinsbarn, Råta, Evna). Dette er første bok i triologien Vardari. Når du blir kjent med universet i boka, klarer du omtrent ikkje å leggja ho frå deg. Du blir vikla inn i eit vanvittig spennande mysterium. Hovudpersonen er Juva Sannseyr. Juva liker å vere saman med Broddmar (som er mykje eldre enn ho) og jaktlaget hans. Ho hatar blodlesarar. Dei blir hylla for sannsyn, men er ikkje anna enn svindlarar som fråtsar i folk si frykt - for penger og makt. Dette veit Juva inderleg godt sidan ho sjølv er av blodlesarætt. Ho unngår garden heime, mor og søster si Solde så godt ho kan. Ho blir likevel oppsøkt av Solde med beskjed om at ho må kome heime - mor kjenner seg ikkje vel. Juva blir vikla inn i ein mørk hemmelighet som ei gong endra verda og kan gjere det igjen.

 

Nitten minutter av Jodi PicoultKlikk for stort bilete 

Kva får ein tenåring til å møta opp med våpen på skulen der han sjølv er elev og skyte ti personar i løpet av nitten minutt? Dette spørsmålet må mora til guten, politiet og lokalsamfunnet stilla seg. Vanvittig godt og realistisk skrive. Som lesar får ein mange tankar å fundera på i løpet av boka. Anbefalast!

 

Klikk for stort bilete Noe tapt og noe vunnet av Tara Westover

Denne boka er plassert på faglitteratur (Deweynummer) i biblioteket hjå oss med tanke på mormonar som emne, men er også ein sjølvbiografi der Tara Westover fortel om oppveksten sin i romanform. Ho veks opp ved det avsideliggjande fjellet Bucks Peak i Franlin county i Idaho saman med foreldra sine, fem eldre brør og ei storesyster. Foreldra er mormonarar og unngår myndighetene, sjukehus og skular.  Spesielt faren lever i konstant apokalypseberedskap og familien har eit kriselager fullt av hermetikk. Faren er svært dominerande. (Seinare får Tara vite at han er bipolar). Mora føyer seg stadig etter han, også når han seier at ho skal vera jordmor. I byrjinga hatar mora det, men etter kvart vert ho meir og meir van med arbeidet og også dyktig. Nokre av dei eldre søskena har fått gått nokre år på skule, men Tara får ikkje lov. Faren har arbeidet sitt på skraptomta der dei bur. Brørne til Tara arbeider også der. Faren har stort fokus på at arbeidet skal gå effektivt, ingen fokus på HMS.

Tyler, ein av brørne til Tara,  meiner at Tara bør få seg ei utdanning. 17 år gammal set ho for fyrste gong fot i et klasserom. Vitebegjæret aukar når ho får høyre om Holocaust og den amerikansk borgerrettighetsbevegelsen. Tara gjer det så godt at ho vert anbefalt vidare til Cambridge og Harvarduniversitetet. Det vert eit enormt skilje mellom livet ho lever som student og jenta ho framleis er når ho kjem heim på besøk. Ho slit med sjølvbiletet sitt. I følgje faren er alle hokjønn med kortare skjørt enn ankellengd skjøger. Den nest eldste broren - Shawn - har også adoptert dette kvinnesynet. Han er svært lunefull og vert fort bråsint. Sinnet kjem ut som fysisk vald mot Tara og andre kvinner. Er det mogleg å ta eit oppgjer med psykisk og fysisk vald i familien og framleis ha ein plass i familien? Kven er ho utan røtene sine?

 

Tatovøren i Auschwitz av Heather MorrisKlikk for stort bilete 

Romanen til Heather Morris er basert på ei sann historie og blir fortalt i jeg-form. "Jeg" er Lale Sokolov som kom til Auschwitz Birkenau i 1942. Han har gjenfortalt si historie til Morris som vidare har levandegjort ho for oss. Lale er ikkje spesielt flink i taktekking som han først blir sett i arbeid med i leiren og må tole mykje tyn. Han er derimot svært språkkyndig og kan mange ulike språk, blant anna tysk. Han let ikkje dei overordna vita at han kan språket. Men tatovøren i leiren ser eit potensial i Lale og ynskjer han som lærling. Sidan trafikken av nyankomne stadig aukar, får tatovøren innvilga ynskjer sitt. Lale avskyr tatoveringsarbeidet, men som læremeistaren seier: "Heller han enn nokon som har glede av vondskapen". På eit punkt blir læremeistaren avretta og Lale blir Tatovøren med stor T. Det er kjærleik ved første blikk når Lale ser Gita - den unge kvinna framfor han som han skal tatovere. Lale bestemmer seg for at han skal overleve, men han vil sørge for at også Gita gjer det.

 

En himmel av brev av Alyson Richman Klikk for stort bilete 

Elodie er oppvaksen i Verona. Faren er filolinist. Elodie får i tidleg alder sin eigen cello og blir utruleg dyktig. Dei første åra av 2. verdskrig får Elodie fortsetja musikerutdanninga si saman med ei god venninne. Men det er strenge portforbod. Faren til Elodie tøyer reglane og speler på filolinen seint på kvelden. Dette må han betala dyrt for. Han blir hardt skadd av patruljerande vakter og døyr seinare av skadene. Dette vekkjer Elodie politisk. Ho gjev etterkvart etter for presset frå venninna om å stå opp aktivt mot tyskarane. Elodie bruker både dei dyktige musikereigenskapane sine, samt det at ho har klisterhjerne, i motstandsarbeidet.  Bokhandelen til Luca blir lenge brukt som hovudkvarter for motstandsrørsla. Elodie forelskar seg i Luca. Seinare blir Elodie nødt til å flukte. Ho går av båten i den lille landsbyen Portofino i Italia. Ho har falske papir og er livredd for å bli avslørt av dei tyske soldatane som kontrollerer passasjerane. Plutselig kjem ein framand mann og hevder at han kjenner ho. Soldaten let ho gå, og ho har ikkje anna val enn å bli med den ukjente mannen til huset hans på klippene. Dette er hennar sjanse til å overleve.

 Det hemmelege løftet av Annette DuttonKlikk for stort bilete

Australske Sarah les ein avisartikkel om «de glemte barna». Engelske barn fra fattige familier blei sendt til Australia, ofte uten at foreldra deira fekk vite om det. Er faren hennar ein av desse ungane? Han vaks opp på ein av barneheimane som er nemnt i artikkelen. Ikkje alle er like begeistra for undersøkingane Sarah set i gang.

 

Noen kjenner mitt navn av Lawrence HillKlikk for stort bilete 

Noen kjenner mitt navn er ein mektig, historisk roman om slaveriet. Aminata Diallo opplever som elleve-åring å sjå landsbyen sin i Vest-Afrika rasert og begge foreldra bli drept. Ho blir ført vekk frå landsbyen og tvungen ombord i eit slaveskip med kurs for South Carolina. På indigoplantasjen ho kjem til får ho lese- og skriveopplæring av ein annan slave. Denne kunnskapen skal seinare vise seg å ha stor innverknad på kva vending livet hennar tek. Ho blir ein skjønnhet  - så flott at det er farleg for ho. Etter mange år ved indigoplantasjen blir ho seld vidare. Aminata klarer å flykte fra eigaren sin New York og havner midt i den amerikanske uavhengighetskrigen mot britane. Mange dramatiske hendingar skaper eit levande og truverdig bilete av slaveriet sin grenselause vondskap og mennesket si livskraft.

 

Klikk for stort bilete Istvillingene av S. K. Tremayne

Dette er ein psykologisk thriller. Året etter at den eine av tvillingdøtrene deira - Lydia - dør i ei tragisk ulykke, bestemmer Angus og Sarah Moorcraft seg for å flytte fra London til ei lita, skotsk øy utanfor Skye som Angus har arva fra bestemora si. Der vil dei prøve å skape ein ny start. Men då deira gjenlevande dotter, Kirstie, hevder at ho er Lydia og at det var Kirstie som døydde, fell verda deira samen igjen. Når vinteren kjem blir Angus stadig oftere tvingt vekk fra øya for å arbeide. Kirstie (eller er det virkelig Lydia?) slit med å finne venner på skulen og virker stadig meir forstyrra. Sarah er plaga av sorg og tvil, og kjenner seg meir og meir einsam og sårbar. Kva var det eigentleg som skjedde den skjebnesvangre dagen då ei av døtrene hennar døydde?

 

Bienes historie av Maja LundeKlikk for stort bilete 

Kva skjer dersom verda si populasjon av bier kollapsar?

Den mislykka biologen William går inn for å byggje ein heilt ny type bikube som skal gjera han kjent. Birøktaren George opplever at levebrødet hans blir teke frå han. I fremtidas Kina prøver Tao å finne ei forklaring på kor sonen hennar er blitt av. Bienes historie skildrar tre sterke historiar om mennesker og relasjonane deira til biene. Det er ei skremmande åtvaring om kva som kan kome til å skje i framtiden dersom vi ikkje vernar om biene.

 

Endetid av Minette Walters  Klikk for stort bilete

Endetid er ein historisk roman. I juni 1348 kjem svartedauden til England via eit skip i hamnebyen Melcombe i Dorsetshire. Folk døyr i tusental. Dei er ikkje førebudd på denne dødelege sjukdommen eller kor raskt den spreiar seg. Pesten spreiar redsel og uhygge. Kyrkja proklamerer at sjukdommen er Gud si straff over menneske som lever syndige liv. Men i borga Develish og landsbyen omkring, tek Lady Anne kontroll over folket si framtid med andre verkemiddel enn bønner og botsgjerningar. Lady Anne er klok og sjølvstendig, ei kvinne forut si tid. Ho bestemmer seg for å sleppa inn alle landarbeidarane i borga og stenge alle utgangar og inngangar for å halde avstand til pesten som nærmer seg området deira med rasande fart. Ho innfører også mange hygieniske tiltak som få forstår meininga med. I dette nye, innestengte samfunnet oppstår det både intriger og konflikter. Og kva skal Lady Anne gjere når kornlageret snart er tomt?