Klassikarar for framtida

Klikk for stort bilete

 

Biblioteket i Hå er eitt av i alt 56 bibliotek som deltek i klassikar-prosjektet, og vi håpar at lesarane våre blir med og les ein eller fleire av dei nye klassikarane i Bokåret 2019!

Det vil bli laga utstillinger på dei ulike filialane våre med bøker i prosjektet. Du kan henta deg eit leseskjema på biblioteket og bli med og lesa dei nye klassikarane. Kanskje er det aktuelt å lesa bøkene i lesesirklar? Kan hende er det bøker de saknar i utvalet? Kanskje er det bøker de meiner absolutt ikkje burde vore med? Da er målet med prosjektet nådd - å skape interesse og engasjement rundt ny norsk kvalitetslitteratur!  

Lom folkebibliotek har fått prosjektmidler av Stiftelsen Fritt Ord, Kulturrådet, G-Kultur og Sparebank1 Lom og Skjåk til klassikar-prosjektet. Litteraturkritikarane Bernhard Ellefsen, Bjørn Ivar Fyksen, Merete Røsvik og Janneken Øverland har kåra 25 nye norske klassikarar utgjeve i tidsrommet 2013 til 2017. 

Her kjem lista med dei nye klassikarane:
De usynlige av Roy Jacobsen, Cappelen Damm, 2013 
Teori om det eneste. Bok I og Bok II av Nils Christian Moe-Repstad, Flamme, 2013
Å, høye dag av Steinar Opstad, Kolon, 2013
Orgelsjøen av Øyvind Rimbereid, Gyldendal, 2013
Det uoppløselige episke element i Telemark i perioden 1591-1896 av Dag Solstad, Oktober, 2013
Det finnes en stor åpen plass i Bordeaux av Hanne Ørstavik, Oktober, 2013
Ensomheten i Lydia Ernemans liv av Rune Christiansen, Oktober, 2014
Magdalenafjorden av Kjartan Fløgstad, Gyldendal, 2014
Trilogien (Andvake, Olavs draumar, Kveldsvævd) av Jon Fosse, Samlaget, 2014
Slåttekar i himmelen av Edvard Hoem, Oktober, 2014
Vinternoveller av Ingvild H. Rishøi, Gyldendal, 2014
Innsirkling 3 av Carl Frode Tiller, Aschehoug, 2014
Å resirkulere lengselen, avrenning foregår av Inger Elisabeth Hansen, Aschehoug, 2015
Max, Mischa & Tetoffensiven av Johan Harstad, Gyldendal, 2015
Fra vinterarkivene av Merethe Lindstrøm, Oktober, 2015
Over elva av Laila Stien, Tiden, 2105
De urolige av Linn Ullmann, Oktober, 2015
For øvrig mener jeg at Karthago bør ødelegges av Kyrre Andreassen, Gyldendal, 2016
Havende av Gunstein Bakke, Oktober, 2106
Arv og miljø av Vigdis Hjorth, Cappelen Damm, 2016
Om våren av Karl Ove Knausgård,Oktober, 2016
Berge av Jan Kjærstad, Aschehoug, 2017
Vandreutstillinger av Cecilie Løveid, Kolon, 2017
Tung tids tale av Olaug Nilssen, Samlaget, 2017
Penelope er syk av Ole Robert Sunde, Gyldendal, 2017

Fann du det du leita etter?