Noveller

Klikk for stort bilete (2021) av Haruki Murakami

Boka inneheld 8 noveller, og i alle er det ein «eg-person» som fortel. Innhaldet er variert, me møter mellom anna ungdomsminner, ein snakkande apekatt, baseball og jazzmusikk. Nokre av historiane veksler mellom det realistiske og det surrealistiske. Ein kan også begynne å lure på om ikkje noko av innhaldet er forfattaren sine eigne minner. Nokre av novellene er lettleste, andre er litt tyngre å fordøye. Etter nokre av dei tenkte eg, at denne historia kunne godt vart lenger og vore utvida til ein heil roman.