Lyrikk

Anbefalingar frå Tove Obrestad Wøien

Ruth Lillegraven: Manilahallen

Kva er dette? Ein biografi? Ja! Ei diktsamling? Ja! Ein slags roman likevel? Ja, kanskje litt av det også. Dette er historia om Birgit og livet hennar, skriven i diktform av venninna Ruth Lillegraven. Birgit har ikkje hatt eit enkelt liv; dette er ei spennande og sår historie, skriven på framragande vis i flotte, nummererte dikt, som kapittel. Denne trur eg fleire typar lesarar vil like, både dei som vanlegvis les og liker romanar, dei som les og liker biografiar og også sjølvsagt dei som les og liker lyrikk. Boka er lettlesen, og kan anbefalast på det varmaste!

Helge Torvund: Skal me leggja ein vedstabel saman. Mine beste kjærleiksdikt

Denne samlinga inneheld ei rekkje perler, både korte og lange kjærleiksdikt. Mange kjenner nok enkelte av dikta frå før av. Unn deg ei lesestund med denne i handa.

Oddbjørn Birkeland: Eurydike snur

Eurydike var i følgje ei gammalgresk segn gift med Orfevs, og døydde svært ung. Orfevs rørte underverdas gudar med musikken sin, og fekk dermed gjort ei avtale med dei om at han kunne ta Eurydike tilbake til livet. Kriteriet gudane hadde, var at han måtte gå framfor henne ut av dødsriket, og ikkje snu seg før dei var ute derfrå. Dette klarte ikkje Orfevs; han snudde seg, og Evrydike, som gjekk like bak han, måtte vende tilbake til skyggeriket. (Kjelde: snl.no) Denne segna er bakgrunnen for tittelen på diktsamlinga, men Orfevs og Eurydike vert ikkje nemnt i teksten.

I første delen av diktsamlinga beskriv ein mann som nyleg har blitt enkjemann tida etter at kona er død. Han skriv til eit 'du', til henne. Det kan verke som om samlivet dei imellom ikkje gjekk heilt knirkefritt, men saknet no når ho er død er likevel stort. Denne delen er sterkast og best skriven, tykkjer eg, og kan, vil eg tru, vere til hjelp for andre i same situasjon til å setje ord på korleis sorga og saknet kjennest.

Den andre delen er, slik eg tolkar det, sett frå perspektivet til ho som er død. Ho fortel korleis ho oppfattar ektemannen sin etter hennar eige dødsfall, og minnest situasjonar frå samlivet deira. Også her finst det eit 'du', men denne gongen er dette duet han som er igjen i livet. Denne delen er litt vanskelegare tilgjengeleg enn den første delen, tykkjer eg, sjølv om det finst fleire fine og nokre veldig sterke dikt også her.

Om du skulle vere i tvil: Dette er ei veldig fin diktsamling som eg vil anbefale deg å ta deg tid til.

Sigmund Løvåsen: Med øksene dei haustar inn

Eg er ikkje stolt av det, men fargeglad som eg er, er dette ei diktsamling eg ikkje ville valt sjølv, på grunn av den svart-kvit-grå framsida. Heldigvis anbefalte nokon boka til meg, truleg gjennom ei bokmelding i ei avis. For inni den grå innpakkinga fann eg gull. Sigmund Løvåsen skriv frå eit landbruks- og skogbruksmiljø, men her er òg kvardagslege observasjonar frå familien, naturen og bygda. Her er til dømes mange fine dikt om eika, eit treslag eg er svært glad i. Her finst også dikt det er lett å kjenne seg igjen i for ein jærbu som har vore med på steinhenting, om steinane som tilsynelatande veks opp av bakken. Anbefaler sterkt at du les denne.

Linda Klakken: Skriv ferdig boka om livet ditt

Eg har lese fleire diktsamlingar av Linda Klakken tidlegare, og eg har likt det eg har lese. Eg liker korte, velskrivne dikt som gjev mykje meining på liten plass. Skriv ferdig boka om livet ditt er noko heilt anna. Ikkje fordi det på noko vis er dårlegare; det er bare annleis. I staden for dei små, korte, er heile denne vesle boka eitt einaste langt dikt. Eit sterkt, sårt, intenst og viktig eitt. Det er fullstendig utan punktum, utan at det gjer teksten vanskeleg å lese.

Diktet er historia om Adam og familien og vennene hans, frå Oslo aust, som lever liv vi eigentleg ikkje ønsker å høyre om, fordi vi liker å tru at det ikkje finst barn og ungdom som har det slik i Noreg. Desto viktigare er det at vi høyrer, at vi les. Takk, Linda Klakken, for at du har skrive denne!

Odveig Klyve: Glad i deg

Heile denne vesle, nydelege boka utgjer til saman eit kort, fint dikt. Kvart oppslag har to linjer frå diktet, og eit fotografi av Tove Elin Berg.

Levi Henriksen: Kjære deg min kjære

Dette er ei av dei finaste diktsamlingane frå nyare tid eg har lese. Det handlar om dei kjære: ektefellen, ungane, vennene, foreldra, søskena, Gud. Ei diktsamling om og i kjærleik, vil eg seie. Fleire av dikta kan eg kjenne meg igjen i, og samstundes humre av. Forlaget skriv om boka: "Dikt om kjærlighet, om barn, om foreldre og om det å være far, om vennene -- med andre ord det som gjør at mennesker blir noe annet enn bare seg selv. Levi Henriksens dikt beskriver opplevelsen av første gang og av siste gang: den blå streken på graviditetstesten, et barns fødsel, den siste dagen i barnehagen, vennen som døde. Kjære deg min kjære er et poetisk album skrevet av en mann med et halvt liv igjen å leve." Boka er ei av dei ein burde eige, men ho er ikkje i sal lenger, bortsett frå om du gjer eit bruktkupp. Så bruk biblioteket og få med deg denne! 

Hege Susanne Bergan: Levepistolen

Å bli foreldre er ei grensesprengjande oppleving som ein nesten ikkje kan forstå før ein blir det. Dikta i denne fine samlinga handlar om det, og om korleis livet kan vere med barn. Fine små observasjonar av både det humoristiske og det alvorlege finst her. Om du ikkje har fått med deg denne tidlegare, har du no ei anbefaling.