Faglitteratur

Klikk for stort bileteIngeborg Senneset: Anorektisk

Sterk, godt skriven og hjarteskjerande innsiderapport om korleis det kan vere å ha anoreksi, og om livet som innlagt på psykiatrisk sjukehus på godt og vondt. Ingeborg Senneset skriv godt, sterkt og viktig. Boka er ei av dei som burde vere obligatorisk lesnad for dei som jobbar i helsevesenet, men også vi andre som på ulike måtar jobbar med menneske har noko å lære her. Å ha hjartet med seg på jobb og prøve å sjå og verkeleg lytte til mennesket framfor deg kan vere stikkord. Tusen takk, Ingeborg Senneset, for at du skreiv denne!

 

Klikk for stort bilete Camara Lundestad Joof: Eg snakkar om det heile tida

Kva kan eg skrive for å få deg til å lese denne? For å få deg til å putte i veska (eller indrelomma for den del, boka er korkje stor eller tung)? Camara Lundestad Joof skriv om rasisme, og om å oppleve det igjen og igjen. I Noreg. Ho snakkar om det heile tida, seier ho. Det er på tide at vi andre òg snakkar om det. Om ikkje heile tida, så i alle fall vesentleg oftare enn vi gjer no. Det skal ikkje mykje til. Det første vi kan gjere er å lese denne boka, og tru på det som står der. Kanskje skamme oss litt for gonger vi heller ikkje har teke ordet for å forsvare nokon når vi burde. Les! Denne er viktig!

 

Klikk for stort bileteSturla Pilskog: Penis. En håndbok

Lettlesen, interessant, lærerik og til dels humoristisk. Passar for deg som har, eller bur i lag med ein som har, penis.

 

 

Jørn Viumdal: Skoglufteffekten Klikk for stort bilete 

Inspirerande og interessant om ein metode for å få planter og lys til å forbetre innemiljø og - klima i eigen heim og på arbeidsplassen.

 

 

Klikk for stort bileteKlikk for stort bileteKristin M. Hauge: Brev til en datter og Brev til en sønn

Anbefaler desse to: Brev til en datter. Alt du bør vite fordi du er jente frå 2018 og Brev til en sønn. 5 fortellinger for livet frå 2020. Kristin M. Hauge har intervjua fem personar, og folk rundt dei fem til kvar av bøkene. Begge bøkene er forma som brev, den første til dottera hennar, og den andre til sonen. Til sist i kvar av bøkene kjem gode råd til ei dotter og til ein son. Dette har blitt til kloke, varme og nyttige bøker, som gav både gjenkjenning og augeopnande leseopplevingar. I tillegg til å lesast som fine portrett av ti interessante menneske, kan boka brukast som grunnlag for gode samtalar med ungdommane våre, men òg til bevisstgjering av oss sjølv. Passar også fint som julegåver, tenkjer eg.

 

Bente Krane Kvenshagen: Sannheten om allergi og eksem Klikk for stort bilete 

Denne! Har du allergi, eksem eller tørr hud? Har du barn som har slike plager, eller er gravid og har allergi i familien? Anbefaler deg sterkt å lese Bente Krane Nvenshagen si bok Sannheten om allergi og eksem som kom ut på J. M. Stenersen forlag i år. Ei stor aha-oppleving av ei bok. Eg som så å seie ikkje kjøper bøker, sidan eg jobbar midt i snopeskåla, var på bokhandelen og kjøpte denne i dag, sjølv om eg hadde lånt henne på biblioteket og lese henne ut.

 

Klikk for stort bileteRagnhild Holmås: Men du ser ikke syk ut  

«Med humor og lekenhet utforsker forfatteren fordommene rundt usynlige sykdommer.» Anbefales på det sterkaste til alle, ikkje berre til deg som er sjuk eller pårørande! 

 

Mimir Kristjansson: Mamma er trygda    Klikk for stort bilete  

Mamma er trygda er eit sterkt mor-son-portrett, det er ei lettlesen og ei svært, svært god bok. Gjennom korte tilbakeblikk på eigen barndom, ungdom og tidleg vaksenliv, og gjennom faktakapittel om trygd, politikk om og historisk syn på trygd og den trygda, vert historia om mora skriven fram. Det er ikkje lett korkje å vere den sjuke eller pårørande til den sjuke, og dette får Kristjánsson fram, og viser fram både det som kan vere vanskeleg, og samstundes kjærleiken mellom mor og son.

 

Klikk for stort bileteHege Duckerts: Summen av små ting. Fra symaskin til selfiestang. 25 ting som har forandret Norge  

Kan anbefale denne! Eg har ledd høgt, blitt rørt til tårer, men mest av alt nikka gjenkjennande og humra lett innimellom. Hege Duckerts bok "Summen av små ting. Fra symaskin til selfiestang. 25 ting som har forandret Norge" er norsk samtidshistorie frå dei siste 30 åra sett via kjende personar, og ein ting for kvar person. Kvar ting representerer ei endring som har skjedd i samfunnet vårt.

Her er blant andre historia om Erna Solbergs selfiestong, om Bård Tufte Johansens kyllingdrakt og om Ketil Stokkans mobiltelefon. Frå sistnemnde historie kjem denne vesle smakebiten i omtalen av den mellom fem og ti kilo tunge mobiltelefonen Stokkan fekk frå Nokia før den internasjonale finalen i Melodi Grand Prix i Bergen i 1986:

"Hvem trodde han egentlig kom til å ringe?
30 år senere eier 98 prosent av nordmenn over sju år en mobiltelefon. Vi kan ikke huske hvordan det var å stå på venteliste for å få telefon hjemme og i kø for å få tildelt summetone."

Eg liker godt at Duckert samanliknar samtid og fortid, gjerne òg fortid lenger tilbake enn tingen og personen som vert omtala representerer.

Hege Duckert skriv svært godt, interessant, til ettertanke og innimellom òg humoristisk. Kapitla er på mellom åtte og tolv sider, og boka er lettlesen utan å framstå som ein "lettvektar" av den grunn. 

 

Tara Westover: Noe tapt og noe vunnet Klikk for stort bilete 

Denne boka er plassert på faglitteratur (Deweynummer) i biblioteket hjå oss med tanke på mormonar som emne, men er også ein sjølvbiografi der Tara Westover fortel om oppveksten sin i romanform. Ho veks opp ved det avsideliggjande fjellet Bucks Peak i Franlin county i Idaho saman med foreldra sine, fem eldre brør og ei storesyster. Foreldra er mormonarar og unngår myndighetene, sjukehus og skular.  Spesielt faren lever i konstant apokalypseberedskap og familien har eit kriselager fullt av hermetikk. Faren er svært dominerande. (Seinare får Tara vite at han er bipolar). Mora føyer seg stadig etter han, også når han seier at ho skal vera jordmor. I byrjinga hatar mora det, men etter kvart vert ho meir og meir van med arbeidet og også dyktig. Nokre av dei eldre søskena har fått gått nokre år på skule, men Tara får ikkje lov. Faren har arbeidet sitt på skraptomta der dei bur. Brørne til Tara arbeider også der. Faren har stort fokus på at arbeidet skal gå effektivt, ingen fokus på HMS.

Tyler, ein av brørne til Tara,  meiner at Tara bør få seg ei utdanning. 17 år gammal set ho for fyrste gong fot i et klasserom. Vitebegjæret aukar når ho får høyre om Holocaust og den amerikansk borgerrettighetsbevegelsen. Tara gjer det så godt at ho vert anbefalt vidare til Cambridge og Harvarduniversitetet. Det vert eit enormt skilje mellom livet ho lever som student og jenta ho framleis er når ho kjem heim på besøk. Ho slit med sjølvbiletet sitt. I følgje faren er alle hokjønn med kortare skjørt enn ankellengd skjøger. Den nest eldste broren - Shawn - har også adoptert dette kvinnesynet. Han er svært lunefull og vert fort bråsint. Sinnet kjem ut som fysisk vald mot Tara og andre kvinner. Er det mogleg å ta eit oppgjer med psykisk og fysisk vald i familien og framleis ha ein plass i familien? Kven er ho utan røtene sine?