Boktips frå Tove

Hege Duckerts: Summen av små ting. Fra symaskin til selfiestang. 25 ting som har forandret Norge 

 

Kan anbefale denne! Eg har ledd høgt, blitt rørt til tårer, men mest av alt nikka gjenkjennande og humra lett innimellom. Hege Duckerts bok "Summen av små ting. Fra symaskin til selfiestang. 25 ting som har forandret Norge" er norsk samtidshistorie frå dei siste 30 åra sett via kjende personar, og ein ting for kvar person. Kvar ting representerer ei endring som har skjedd i samfunnet vårt.

Her er blant andre historia om Erna Solbergs selfiestong, om Bård Tufte Johansens kyllingdrakt og om Ketil Stokkans mobiltelefon. Frå sistnemnde historie kjem denne vesle smakebiten i omtalen av den mellom fem og ti kilo tunge mobiltelefonen Stokkan fekk frå Nokia før den internasjonale finalen i Melodi Grand Prix i Bergen i 1986:

"Hvem trodde han egentlig kom til å ringe?
30 år senere eier 98 prosent av nordmenn over sju år en mobiltelefon. Vi kan ikke huske hvordan det var å stå på venteliste for å få telefon hjemme og i kø for å få tildelt summetone."

Eg liker godt at Duckert samanliknar samtid og fortid, gjerne òg fortid lenger tilbake enn tingen og personen som vert omtala representerer.

Hege Duckert skriv svært godt, interessant, til ettertanke og innimellom òg humoristisk. Kapitla er på mellom åtte og tolv sider, og boka er lettlesen utan å framstå som ein "lettvektar" av den grunn. Lån på biblioteket!

Camilla Bøksle: Det er vakrest når det skumrer

 

Bokanbefaling: Lun, vakker og til dels humoristisk samtaleroman med stor grad av biografiske innslag. Camilla Bøksle får eit nærare forhold til farfaren sin i vaksen alder, og gjennom historiene han fortel får dei saman ei (eller rettare: fleire) reiser inn i fortida, både til familiehistorie og lokalhistorien i Kristiansand. Ein roman som får igang eigne reflesjonar over mange ulike tema. Rørande, nært og veldig, veldig fint. Lån boka på biblioteket! 

Lars Saabye Christensen: Sanne gleder

 

Ei lita, men nydeleg, bok. Om du ikkje har fått med deg denne, kan det anbefalast å ta ei stille stund og nyte gledene boka gjev, både gjennom tekst og illustrasjonar. Lån boka på biblioteket!

Fann du det du leita etter?