Boktips frå Britt Astrid

av Levi Henriksen

Er du interessert i nydelige personskildringar? I denne boka blir forfattaren si mor og hennar ungdomskjærleik Oscar Maier, særs godt skildra saman med forteljinga av kva kjærleiksbreva som har gått mellom dei to har betydd for Oscar under krigen. Glitrande formidling om håp etter krigen då Oscar var i russisk krigsfangenskap.

Boka har ein lys og fin tone og «maler fine bilete» frå Kongsvinger og musikermiljøet der. Her er mykje kvardag, og kan vel opplevast som dvelande (det gjorde ikkje eg). Ein kjem raskt inn i handlinga i boka og blir nysgjerrig med vidare for å sjå kva som hender. Levi Henriksen har eit rikt, lettlest språk.

Av bøker som liknar kan ein nemne Harpesang av Levi Henriksen som har ein liknande tone og vare fine personskildringer. Andre som liknar er Dei fem årstidene av Gaute Heivoll , men også Trude Teige sine personskildringar i Mormor danser i regnet og Morfar pustet med havet.

 

Vintertonar av Anders Totland

"Kan ein reparere ein knust familie? Eg ville fortelje mor si historie, vår historie...."
Ein sår forteljing om familierelasjoner og om korleis ein kan gje kvarandre nye muligheter.
Boka har eit nydeleg nynorsk språk.  Absolutt den beste boka eg har lese i 2020, gler meg til fleire bøker frå Anders Totland

 


Svartstilla av Susanne Skogstad  

Den unge forfattaren har skrive om ei eldre kvinne som nett har mista mannen sin. Ho er overvelda av sorg. Lesaren får den eldre kvinna sitt perspektiv på kjærleik, einsemd og ynskje om å høyre til. Ein får ei sterk skildring av stilla ein opplever når ein brått mister nokon ein er sterkt knytt til.
Boka har eit vakkert, nynorsk språk. Dette er ei bok eg ber med meg og ikkje så raskt gløymer.