Boktips frå Astrid

 av Gert Nygårdshaug

Me er i Italia, det er 43 grader og hetebølga varer og varer. Hovedpersonen Hans Zolon, ein sjølverklært havforskar, legg ut på vandring frå dei solsvidde vinmarkene ut mot havet. Han vil sjå havet for første gong, og prøva å finna håp for framtida. Men det som skulle bli eit lykkeleg augeblikk endrar seg raskt. Han ser ilanddrivne klede og gummibåtar med flyktningar.  Plutseleg har Zolon ansvar for eit lite barn. Boka er lettlest og skriven som ei dagbok. Den er spennande, dystopisk, rørande og skremmande aktuell. Slutten overraskar!

 

Overleverne av Alex Schulman

Tre vaksne brør møtes. Dei har reist tilbake til familiens feriehus, for å spreia asken til si avdøde mor der. Brørne hadde ei vanskeleg oppvekst og var veldig tette i barndommen, men nå har dei blitt framande for kvarandre. Dei har forskjellige opplevinger om kva som skjedde i oppveksten. Kven eig sannheten? Og kva skjer når dei nå møtes igjen? Alex Schulman er ein av Sveriges mest kjende journalister, forfattere og medieprofiler.  

 

 

Den eneste broren av Tove Nilsen  

«Den eneste broren» er romanen om onkelen forfattaren aldri fekk møta. Som barn finn ho ein konvolutt med bilder av mora sin bror i. Dei har blitt fjerna frå fotoalbumane. Når ho spør familien sin om kvifor, får ho ikkje svar. Dei vil ikkje snakka om det. Onkel Leif døydde under krigen, bare 19 år gamal. I denne boka dikter forfatteren han fram og prøver å finne ut kva som skjedde. Kvifor er dette fortsatt så vanskelig for familien – handler det om skam, eller er historia fortsatt for vond?  

 

Dei sju dørene av Agnes Ravatn

Drivande god og annleis krim. Om litteraturprofessoren som blir etterforskar når leigebuaren forsvinn sporlaust. Me kjem mellom anna innom opera, Freud og boligjakt i denne overraskande boka. Den er spanande, men og morosam! Ravatn skildrar personar og dilemma med eit skarpt blikk. Spenninga held seg til siste side!

 

Felemakaren av Edvard Hoem  

Liker du historiske romaner? I boka Felemakaren møter me Lars Olsen Hoem som blei født i 1782 og døydde i 1852. Edvard Hoem har dikta fram historia til denne mannen. Han som drøymde om å bli skipper på eiga skute, men som på eit fangeskip i Danmark møter ein franskmann som lærer han å bygge fiolinar. Slik fører tilfeldigheter til at han ender opp med å bli ein av dei beste felebygjarane i Norge. Lars var grandonkel til Serianna, som vart gift med slåttekaren i Edvard Hoems familiekrønike, men boka kan lesast uavhengig av denne serien.

 

Elskeren av Helene Flood

Dette er ein norsk, psykologisk krim. Rikke er nokså lykkelig gift med Åsmund, og saman med deiras to barn bur dei i ein firemannsbolig i Oslo. Så blir naboen i etasjen over drept. Litt etter litt blir hemmeligheter og ugjerninger avslørt, og det tilsynelatande lykkelege familielivet raknar. Spanande til siste slutt!

 

Søstre av Mariangela Di Fiore  

Lettlest bok om 22. juli, men innhaldet er ikkje lett! Dette er Cathrine si historie, fortald til Mariangela Di Fiore. Cathrine mista si kjære veslesyster på Utøya, og vart sjølv hardt skadd av to skudd. Dagane på Utøya starta som ein sommardraum, men endte forferdelig. Etter sju dager i uvisse får Cathrine og familien vite at systera var blant dei drepne. Nå har det gått ti år sidan terroren på Utøya, og det gjer ikkje vondt å minnast henne lenger. «Man må tørre å møte mørket for å se lyset. Og nå ligger lyset foran meg» (Cathrine Trønnes Lie).

 

Byens spor (Ewald og Maj, Maj og Skyggeboken) av Lars Saabye Christensen

I denne trilogien skal me tilbake til Oslo vest i etterkrigstida, og fram til 60-talet. Her bur Ewald og Maj Kristoffersen saman med barna sine. Me blir kjent med gatene som bind Oslo i saman og nokre av menneska som lever der; Ewald, Maj, Jesper og Stine, enkefruen i etasjen over, antikvariatsbokhandleren, slaktaren og sonen hans, legen og den italienske hyggepianisten på Bristol, som forøvrig var «så ensom at juletreet var hans nærmeste pårørende».  Lars Saabye Christensen er ein ordkunstnar og ein god og underhaldande historieforteljar. Eg blir glad i personane han skriv om!

 

Jordmor på jorda. Huset under Blåhammaren av Edvard Hoem  

Gripande og velskriven roman om Martha Kristine Nesje, forfattarens tippoldemor.  I 1821 gjekk ho til fots frå Romsdal til Christiania for å ta utdanning som jordmor. Etterpå gjekk ho tilbake til Romsdal, der ho arbeidde som jordmor i 50 år. Forteljinga om «Jordmor-Stina» er ein forløpar til bøkene med historia om slåttekaren Knut Hansen Nesje (som og kan anbefalast på det sterkaste). Boka skildrar livet til husmannsdottera som kjempa seg til utdanning, sjølv om ho hadde mann og tre barn. Denne boka er ei sterkt revidert og utvida utgåve av ei bok Home skreiv i 2008, i høve Norsk Jordmorsforbunds 150-årsjubileum.

 

 av Levi Henriksen

Forfattaren skildrar med varme og humor «De Syngende Søsknene Thorsen» Maria, Timoteus og Tamar, som i ungdommen oppnådde stor suksess i kristne frikyrkjelege forsamlingar, turnerte i USA og selde ei mengd plater. Men etter at alle tre fann kjærleiken, for så å mista den, har dei slutta å opptre. Greier plateprodusent Jim Gystad å vekkja songgleda til live att hos dei, no når dei er høgt oppe i åra?   

 

 

 

Det hvite badehuset og Det siste fotografiet av Thorvald Steen 

  Desse romanane har Thorvald Steen skrevet med utgangspunkt i sin eigen sjukdom, som etter kvart har gjort han avhengig av rullestol. Bestefaren sitt navn har han aldri fått vita, har det ein samenheng med sjukdomen? Hadde bestefaren den same sjukdomen, er den arveleg? Forfattaren oppsøkjer si gamle og sjuke mor, i håp om å få snakka ut med ho om dette. Mora skjult sanninga for han heile livet, kvifor var det så viktig for mora å tie om dette? Bøkene fortel om muskelsvinnsjukdomen som forfatteren og hovedpersonen i boka lir av, i tillegg til den skamma og fortiinga som preger familien. Verkeleg gode bøker om eit viktig tema, og som vekker sterke følelser.