Biografiar

Abid Raja: Min skyld - en historie om frigjøring (anbefalt av Marit Lindtveit Undheim)

Leste denne boka i løpet av en dag! Sterk, trist, opprørende, tankevekkende og inspirerende! Lett å lese, men setter samtidig så godt ord på komplekse og dype problemstillinger. Har fått stor respekt for den mannen! Hørte at en kritiker/anmelder mente Abid har styrket sitt evt fremtidige statsministerkanditatur med denne boka. Det er jeg helt enig i!

 

Joachim Førsund: Kohts bok (anbefalt av Tove Obrestad Wøien)  

"Kohts bok" er lettlesen og raskt lesen, men denne boka gløymer ein ikkje fort.
Då Christine Koht blei kreftsjuk våren 2019, tok ho kontakt med journalisten og forfattaren Joachim Førsund, og i lag med han laga ho podcast frå sjukesenga. "Kohts bok" er framhaldet på samtalane frå den gongen.

Joachim Førsund skriv så ein kan høyre Christine. Og vi som har høyrt podcasten "Koht vil leve", har heller ikkje vanskar med å høyre hans eigen, rolege stemme. Innimellom dei godt gjengjevne samtalane kjem også Førsunds litterære stemme fram, og den er vakker.

Det er ei sterk og fargerik historie som vert fortalt, og historia i lag med bileta som innleier kvart kapittel, gjev viktig lærdom, høg lått og innimellom også tårer. Aller mest rørte faktisk biletet frå vigsla av ekteparet Koht/Rygg meg, der dei flotte, spesialdesigna bryllaupskleda så veldig speglar den sprudlande Christine og den trygge, rolege Pernille, og der lukka på biletet står i så stor kontrast til alt paret hadde bak seg av strev og vanskar.

Takk, Christine Koht, for at du vågar å vere så open og vise dine sårbare sider! Og takk, Joachim Førsund, for at du skriv ned dette opne, såre og sårbare, men også likevel samstundes klarer å formidle sprudlinga og livsgleda! Denne lesaren sit igjen klokare, takknemleg og nokre tårer fattigare