Viktig melding

Lukk meldinga

Søk om lågare pris på grunn av låg inntekt

Du får ikkje automatisk lågare barnehagepris dersom du har låg inntekt. Du må sjølv søka om å få redusert pris. Du skal søka til den kommunen du og barnet er folkeregistrerte i, sjølv om de har barnehageplass i ein annan kommune.

Kven kan søka om å få redusert foreldrebetaling?

Hvis maksprisen er høyere enn 6 prosent av den samlede inntekten til husholdningen, kan du  søka om reduser betaling.

Alle 2, 3, 4, og 5-åringar, og barn som har utsett skulestart, i familiar med samla brutto årsinntekt under 615 590 kroner kan har rett på 20 timar gratis barnehage i veka.

For barnehageåret 2023/2024 gjeld gratis kjernetid for barn som er fødd i 2018, 2019, 2020 og 2021.

Kva slags inntekt er med i utrekninga?

Foreldrebetalinga i barnehagen skal reknast ut frå den samla skattepliktige kapital- og personinntekta i husstanden. 

  • Ein husstand er ektefellar, registrerte partnarar eller sambuarar.

Dersom eit barn ikkje bur fast hjå begge foreldra, skal foreldrebetalingen reknast ut frå inntekta i husstanden der barnet er folkeregistrert.

Søknadsfrist

For å få behandla søknaden om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid frå nytt barnehageår må du søka innan 1.juni. Søknadar som kjem inn etter 1. august blir gjeldande frå månaden etter motteken søknad.
 
Hugs at du må senda søknad om redusert foreldrebetaling kvart år. 

Slik søker du

Finn fram relevant dokumentasjon:

  • Skattemeldinga blir henta automatisk i søknadsportalen.
  • Dersom inntekta er annleis enn det som står i skattemeldinga, må du i tillegg legga ved dokumentasjon som viser dette. Det kan vera kopi av dei tre siste lønnslippane eller vedtak og utbetalingar frå NAV. 

Du søker om redusert foreldrebetaling i same portal som du søker om barnehageplass

Kva skjer vidare?

Me går gjennom søknaden din. Når søknaden er behandla får du eit brev som seier kor mykje du skal betala for barnehageplassen. Behandlingstida er på tre veker.

Kontakt

Servicetorget Hå kommune
Telefon: 51793000