Utviklingsmål for Håskulen i 2019-2020

I Hå kommune løfter me i lag. Me skal ha eit velfungerande nettverk av Håskular som gjev eit like godt opplæringstilbod til alle elevane våre.

Mål 1: Elevundersøkinga viser frå og med hausten 2020 at elevane i Hå i aukande grad gler seg til å gå på skulen, likar skulearbeid og har lyst til å læra.

Elevmotivasjonen i Hå kommune er ikkje tilfredsstillande, og dette målet frå 2018-2019 skal førast vidare.

Mål 2 :Opplæringa i Hå kommune skal vera i tråd med ny læreplan frå og med hausten 2020

For å vera klar til å ta i bruk ny læreplan hausten 2020 skal skulane førebu seg i 2019-2020.

Digitalisering følgjer med ny læreplan, og det får følgjer for mål og innhald i fag, val av metodar og læremiddel.

 

Fann du det du leita etter?