Skuleskyss

Når kan du få skuleskyss?

For å ha rett på skuleskyss må avstanden mellom heimen din og skulen vera:

  • over 2 kilometer for 1. klassingar
  • over 4 kilometer for 2. - 10. klassingar

Bur du nærare skulen enn avstandane over, kan du likevel ha rett til skuleskyss dersom du:

  • går i grunnskulen og har ein spesielt farleg eller vanskeleg skuleveg
  • er funksjonshemma, skada eller sjuk

Dersom du bur nesten hjå begge foreldra, kan du ha rett til skuleskyss frå begge plassar.

Les meir om reglane for skuleskyss i Rogaland her.

Slik søker du om skuleskyss

Skulen din organiserer all skuleskyss. Du melder inn behovet ditt i  Visma Flyt Skole. Alle 1. klassingar får informasjon om dette i oppstartsmøtet før skulestart.

Lurer du på noko meir?

Ta kontakt med rektor på skulen din.

Fann du det du leita etter?