Viktig melding

Lukk meldinga

SFO Motland skule

Telefonnummer til SFO 1. trinn 41 53 26 74

Telefonnummer til SFO 2.-5. trinn 41 53 26 59

Kva er SFO?

Her finn du all informasjon frå Hå kommune om SFO

Leik og læring

Etter ein lang dag på skulebenken med læring og ny kunnskap, ønskjer me og gje borna eit SFO-tilbod der dei får oppleva avveksling frå nokre av krava dei elles møter i ein travel kvardag.

Fri leik under tilsyn av vaksne legg til rette for god sosial læring. Utdannings-direktoratet seier i sitt program for kvalitetsutvikling i SFO følgjande:

Aktivitetstilbudet ved SFO skal tilrettelegges ut fra barns alder og funksjonsnivå. SFO bør tilstrebe en balanse mellom organiserte, voksenstyrte aktiviteter og fri lek. Det bør tas hensyn til det enkelte barnets behov for forutsigbarhet og deltakelse. De voksne skal bidra til inkludering og tilrettelegging av aktiviteter for barn som ikke finner seg til rette eller som ikke inviteres inn i barnas frie lek.

Vidare seier dei følgjande om lek og sosial læring:

Leken er viktig for barns sosiale og emosjonelle utvikling og kompetanse. Leken har en egenverdi og er en grunnleggende livs- og læringsform som har betydning for barnas personlige, sosiale og fysiske utvikling. SFO skal i større grad enn skolen være en arena der barn kan leke uforstyrret - under tilsyn av, men uten unødig innblanding fra voksne. Leken som metode representerer en viktig forutsetning for det arbeidet som gjøres i SFO.

Dei vaksne i SFO legg til rette for at elevene kan aktivisere seg sjølv og ha godt samspill med andre. Me arbeidar for at alle blir inkludert i den frie leken og at SFO er fri for mobbing.

Organisering

SFO har inngang i det gamle bygget på "parksida". 

Det er 3 til 4 leikegrupper barna kan velja mellom kvar dag, då får me grupper på ca. 20 barn og 2 vaksne. Tysdag er turdag for 2.-4. trinn og torsdag for 1. trinn, då er det viktig å ha gode klede og godt fottøy. Månadsplan legges ut på heimesida, her viser kva aktivitet det er lagt opp til i SFO dei ulike dagane.

Aktivitetar:

  • Me ønskjer å gje ein bredde av frivillige aktivitetar til barna. Når me planlegg brukar me kategoriane «leik/sosial læring», «fysisk aktivitet og friluft», «kulturelle aktivitetar» og «læringsstyrkande aktivitetar»
  • Me bruker spesialromma til Motland skule, spesielt gymsalen bruker me mykje. 
  • Ha med gode klede, barna skal kunne vere ute i all slags ver.  
  • Inne-aktivitetar: teikne, male, sy, strikke, veve, perle, data, pusle, kitt, spel, lego, bilar, dokker og mykje meir.

Måltid:

  • Dersom ein vil ete frukost i SFO, må ein ha med matpakke og vere på SFO seinast kl. 07.45.
  • Borna vert servert brødmåltid kvar dag kl. 14.00.
  • Tysdagane går ein på tur, og et ute.
  • På ferie og fridagar har vi måltid kl. 11.00 og kl. 14.00

Diverse:

  • Mange barn går sjølv heim frå SFO på avtalt tidspunkt. Me anbefaler denne praksisen for alle som får det til. Det reduserer biltrafikken og aukar tryggleiken for dei andre.
  • Alle beskjedar skal gis via Visma, fra voksen til den tilsette. Ikkje gi beskjedar via elevane. 
  • Alle borna skal vere henta innan kl. 16.00. Dersom de er seint ute, kontakt oss, då vert me tryggare. Foreldre som kjem for seint utan at informasjon er gitt kan vere ei høg belastning både for barn og vaksne.
  • Dersom de bruker å hente og andre enn føresette skal hente borna, skal dette avtalast med personalet.

Opningstid:

Måndag-fredag: 07.00-08.00 og 14.00*-16.00
*Tysdag har 1.-4. trinn tilbod frå 11.00-16.00 på ettermiddagen
*Torsdag har 1.-2. trinn tilbod frå 11.00-16.00 på ettermiddagen

Ferie og fridagar

Opningstid frå 7.00-16.00. Frammøte seinast kl. 09.00 om ikkje anna er avtalt. Det vert gitt tilbod om SFO alle ferie- og fridagar i skulen bortsett frå 2 plandagar, julaftan, nyttårsaftan og onsdag før skjærtorsdag. SFO er stengt heile juli.

Det vert påmelding i appen til desse dagane. Borna kan då bruke SFO dei dagane dei allereie har eit ettermiddagstilbod på SFO.