Skulefritidsordning - SFO

Kva er skulefritidsordninga?

Skulefritidsordninga er eit tilbod før og etter skuletid til barn i 1. til 4. trinn og for barn med spesielle behov i 1. til 7. trinn.

Alle barn i målgruppa (1. – 4. årstrinn) skal få tilbod om plass i skulefritidsordninga ved den skulen dei går på. Unntak frå dette kan vera SFO i feriane, der det kan henda at nokre skular må slå seg saman.

Rektor på den enkelte skule behandlar søknadane og avgjer opptak av barn til skulefritidsordninga. Barnet har plassen til og med 4.klasse, eller til de seier opp plassen.

Skulefritidsordninga er ikkje ein del av grunnskoleopplæringa og skal difor vera noko anna enn skule og barnehage. SFO skal vera ein trygg opphaldsplass for barna utover skuletida, gje barna omsorg og tilsyn, leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar og vera tilpassa barna- og foreldra sine behov.

Den enkelte skule vil kunne gje nærare informasjon om skulefritidsordninga.

 

Opningstider og feriar

SFO har ope alle arbeidsdagar inkludert skulen sine feriar. Juli månad og to planleggingsdagar i løpet av skuleåret har SFO stengt. SFO har og stengt på julafta, nyttårsafta og onsdag før skjærtorsdag.

 

Kven har rett til skulefritidsordning?

SFO er tilbud for barn i 1.-4 . klasse.

Barn i 5.-7. klasse med særlig behov kan få plass på SFO etter søknad. Søknadsfristen er 1. mai. Barn i 5.-7. trinn med særlege behov må søkje om SFO-plass kvart år.

 

Slik søkjer du

Du søkjer om SFO plass via det skuleadministrative systemet Visma Flyt Skole (pålogging med ID-porten)

 

Endre eller seie opp plassen 

I Visma Flyt Skole (pålogging med ID-porten) kan du og endra eller seie opp plassen.

 

Søknadsfrist 

Søknadsfristen er 1.mars (under føresetnad at vedtektene vert endra frå og med 2019). Oppseiingstida er 2 månader med verknad frå den 1. i månaden etter. Ved oppseiing etter 1. april må de betala for SFO ut skuleåret.

 

Kva kostar det?

SFO - prisar 2019

Antall timar

Pris pr. mnd

Kost
Inntil 12 timar per veke kr. 1625 + kost kr. 40,- pr. dag/pr. mnd.
Inntil 14 timar per veke kr. 1900 + kost kr. 40,- pr. dag/pr. mnd
Inntil 18 timar per veke kr. 2350 + kost kr. 200,- pr. mnd.
Inntil 21 timar per veke kr. 2650 + kost kr. 200,- pr. mnd.

 

Betalinga vert rekna ut frå 12, 14, 18 eller 21 timar. Ulike kombinasjonar av opphald på morgon- og ettermiddag er mogleg på dei ulike skulane. Sjekk oppsett av skuledagen for 1. - 2. trinn og 3. - 4. trinn på den enkelte skule.
 

Sats for ekstra dagar

Ved ledig kapasitet kan de kjøpa heildagsplass for kr. 285,- pluss kost kr. 25,- pr. dag.

De betaler ikkje ekstra for SFO i skulen sine feriar for vekedager de allereie har SFO-plass, men de må kjøpa heildagspass for ekstra dagar. 

Ved kjøp av ekstra dagar må de ta kontakt med skulen.

 

Vedtekter

Hå kommune sine vedtekter for skulfritidsordninga frå og med 01.01.2016 (PDF, 29 kB) er gjeldande for skuleåret 2018-2019.

Fann du det du leita etter?