IKT i skulane i Hå kommune

Hå kommune legg til rette for at elevane skal kunne læra med digitale hjelpemiddel. Me ynskjer å ta i bruk digitale hjelpemiddel for å gjera undervisning og læring enklare og betre, og til å fornye undervisninga. Forutsetningar for å få til dette er at personalet har god kompetanse og at det er god kvalitet på utstyr og infrastruktur.

Kontorpakke

Me bruker Google Suite for utdanning, som har ei rekke verktøy for undervisning og læring. Samarbeid om læring mellom elevar og mellom lærar og elev kan her skje samlaust og trygt på fleire ulike einingar, som PC, nettbrett og mobil. Meir informasjon om G suite for utdanning og nokre korte videoar om Google Skjema, Hangout og Classroom finn du her på google sine heimesider.

Utstyr og nettverk

Alle lærarar og elevar i skulane har pr i dag tilgang til kvar si eining, enten bærbar PC eller chromebook. Innan kort tid vil alle PCar vera erstatta av chromebook. Alle skulane har trådlause nettverk med god kapasitet.

Læringsplattform

I tillegg til G suite for utdanning bruker ungdomsskulane den digitale læringsplattforma canvas. Målet med eit virtuelt klasserom som canvas er og å gjera undervisning og læring enklare for lærarar og elevar. Canvas har blant anna god vurderingsfunksjon og foreldrebrukar. Her er ein liten video som forklarer kva canvas er.

Kompetanse

Lærande nettverk på skulane og på tvers av skulane sikrar god kompetanse i personalet. I tillegg deltek fleire lærarar på eksterne kurs og tek formell vidareutdanning i profesjonsfagleg digital kompetanse.

Ressursar:

Framtid, fornyelse og digitalisering er regjeringa sin digitaliseringsstrategi for grunnopplæringa 2017–2021.

Fann du det du leita etter?