Bilete

Skule

Sist endra 11.01.2017
  • Hå kommune har ni grunnskular: Fire vanlige barneskular (1 - 7), to ungdomsskular (8-10), Vigrestad skule  (1-4), Vigrestad storskule (5-10) og Ogna skule (1-10). 
  • Kommunen har også eit opplæringssenter der innvandrarar får undervisning i tillegg til vaksne. 
  • PPT  (pedagogisk psykologisk teneste)  er tenesta kommunen har for å hjelpe skulane (og barnehagane) med systemisk- og spesialpedagogisk arbeid  med elevar/born.
  • Kommunen har også ein ATO-avdeling (avdeling for tilpassa opplæring) knytt til ein av barneskulane.
  • Møllerhaugen er ein alternativ opplæringsarena som er knytt til Nærbø ungdomsskule.

Trygt skulemiljø

På heimesida til kvar skule vil det liggja ein raud knapp, kalla mobbeknapp. Ved å gå inn på heimesida til skulen din og klikka på den raude knappen, kan du som elev melda frå om mobbing.

mobbeknapp.png - Klikk for stort bilete

 

 

Jærskulane har ein felles portal, tryggskule.no. Der kan elevar, føresette og tilsette i skulen finne informasjon om trygt skulemiljø og mobbing. Du kjem til tryggskule.no ved å klikka på den blå knappen her:

skuleknapp.png

 

Saman om god oppvekst

Hå kommune har utvikla eit program for foreldrerettleiing som er retta mot alle foreldre til barn i alderen 1-12 år, dette heiter «Saman om god oppvekst!».

Kriminalitetsførebygging (SLT)

I det kriminalitetsførebyggjande arbeidet i Hå kommune ønsker me å gi hjelp til barn og unge som er  i risikosona for å utvikla ein kriminell karriere.

 

Kontakt

Trond Egil Sunde
Trond Egil Sunde
Skulesjef
Telefon: 51 79 30 75
Tommy Knudsen
Tommy Knudsen
Skulefagleg rådgjevar
Telefon: 51 79 30 76

Kart

Fann du det du leita etter?