Skulefritidsordning - SFO

Kommunen er gjennom opplæringslova pålagt å ha eit tilbod om skulefritidsordning før og etter skuletid for 1.-4. årstrinn, og for barn med særskilte behov på 1.-7. årstrinn.

Skulefritidsordninga skal legga til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos barna. Skulefritidsordninga skal gi barna omsorg og tilsyn og areala, både ute og inne, skal vera eigna for formålet.
Funksjonshemma barn skal givast gode utviklingsvilkår.
Skulefritidsordninga skal ha vedtekter som regulerer tilbodet.

Du kan finna meir informasjon om SFO-tilbodet på din skule sine nettsider

Sist endra 11.03.2016
Fann du det du leita etter?