PPT - Pedagogisk Psykologisk Teneste

Pedagogisk Psykologisk Teneste (PPT) gir direkte hjelp til barn og unge, og rådgjeving/rettleiing til føresette og personale i barnehage/skule.
Tenesta gjeld for barn frå 0 - 16 år og for vaksne med behov for opplæring på grunnskulen sitt område.
Tenesta skal medverka i tverrfagleg samarbeid om førebyggjande tiltak i oppvekstmiljøet.

PPT skal og vera kommunen sitt sakkunnige organ i spørsmål om spesialpedagogiske tiltak.

Opplæringslova krev og sakkunnig vurdering i ein del andre tilfelle:
- For tidleg eller utsett skulestart.
- Fritak frå opplæringsplikta.
- Teiknspråkopplæring.
- Punktskriftopplæring for blinde og sterkt svaksynte.

Tilvising til PPT vil til vanleg koma frå helsestasjon/lege, sosialkontor, barnehage, skule eller direkte frå føresette.

PPT samarbeider med skular og barnehagar om førebyggjande tiltak, slik som;
- Å leggja til rette for eit godt læringsmiljø i skule og barnehage.
- Klassemiljøutvikling.
- Kurs for tilsette i skule og barnehage.
- Deltaking på foreldremøte og liknande.

I arbeid med enkeltbarn/elevar, startar vi med å samtala med dei føresette. Vidare arbeid kan mellom anna vera:
- Observera barnet.
- Ta ulike testar.
- Arbeida direkte saman med barnet.
- Samtala med barn og/eller føresette.
- Gi råd til føresette.
- Gi råd til tilsette i skule og barnehage.

PPT samarbeider med andre hjelpeinstansar i og utanfor kommunen når dette er nødvendig. Dette må skje i forståing med heimen.

Sist endra 05.01.2017

Kontakt

Pedagogisk Psykologisk Teneste (PPT)
Pedagogisk Psykologisk Teneste (PPT)
Telefon: 51 79 97 70

Kartpunkt

Fann du det du leita etter?