Kontantstøtte for 2-åringar

Du kan få kommunal kontantstøtte for barn mellom to og tre år som ikkje har barnehageplass og bur i Hå kommune. Du må søka for å få kommunal kontantstøtte.

Kva kan du få i kontantstøtte: 

Avtalt opphaldstid i veka Beløp per månad
Ingen dagar i barnehagen i veka 5000 kroner
Tre dagar i barnehagen i veka 2000 kroner

 

  • Det er den tildelte tida i barnehagen som avgjer kor mykje du får i kontantstøtte. Det betyr ikkje noko om barnet er mindre i barnehagen enn den tildelte tida.
  • Kontantstøtte er pr i dag ei skattefri yting (jf Skattedirektoratet).
  • Det er viktig at du melder frå dersom barnet begynner i barnehage, eller flytter frå Hå kommune.
  • Du må betale tilbake eventuell feilutbetalt kontantstøtte.

Vilkår for den kommunale kontantstøtta:

  • Du kan få kontantstøtte frå månaden etter barnet fyller 2 år til og med månaden barnet fyller 3 år.
  • Dersom du har barn som er 2 år og ikkje går i barnehage som har offentleg driftstilskot, kan du få full kontantstøtte. Har barnet deltidsplass i barnehage, kan du få delvis kontantstøtte. Du kan få maksimalt stønad i 12 månader.
  • Du får ikkje kontantstøtte for barn som er i fosterheim eller i ein institusjon etter lov om barnevernstenester.
  • For å få rett til kontantstøtte i Hå kommune, må barnet ha rett til barnehageplass i Hå kommune, jf Hå kommune sine barnehagevedtekter. Du har rett på kontantstøtte så lenge barnet oppfyller vilkåra og har bustad i Hå kommune.

 

Korleis søkje om kontantstøtte: 

Dersom de som er foreldre, bur saman, søkjer ein av dykk. Dersom de bur kvar for dykk, er det den som barnet bur fast saman med som kan søkje om kontantstøtte. De må søkje før barnet fyller 2 år. Søkjar de etter den tid får de betalt frå den månaden søknaden vert mottatt.

  • Dersom de har ein skriftleg avtale om delt bustad for barnet etter barneloven § 36, kan de dele kontantstøtta, dersom de er samde om det. Ingen av dykk kan i eit slik tilfelle nytta ein barnehageplass med offentleg driftstilskot, og de må begge i så fall søkje kontantstøtte.
  • De søkjer på skjemaet som du finn på Hå kommune si internettside www.ha.no.

Vedtak: 

Når Hå kommune har mottatt søknaden din, får du melding om kor lang tid sakshandsaminga vil ta. Du får tilsendt ei

Retten til ny barnehageplass eller utvidinga av barnehageplassen for 2-åringar med kontantstøtte gjeld frå 01.august det året barnet fyller tre år, jf barnehagelova § 12 a.

Fann du det du leita etter?